I dag avslørte Bergensavisen at kommunikasjonssjef ved Den Nationale Scene Finn Bjørn Tønder sa opp i protest etter berre to år i jobben.
Årsaka er konflikt med direktøren ved teateret, Bente Hartvedt Ringstad. Tønder skuldar direktøren for mellom anna å planlegga dokumentforfalsking.
I dokumentet som BA har fått tilgang på skriv Tønder også at han ikkje orkar meir av Ringstads manipulering og diktatoriske leiarmåtar.
Arbeidstilsynet var også i 2012 inne og undersøkte meldingar om dårleg arbeidsmiljø på teateret.
– Kraftige skuldingar
Det er ikkje første gong DNS opplever personalkonfliktar. Produksjonsteknisk sjef Øyvind Eskilsen måtte slutta etter 38 år på huset, og saka enda i retten.
- BAKGRUNN:
- BAKGRUNN:
Kulturredaktør i Bergens Tidende, Hilde Sandvik, meiner det heile er trist.
Kulturredaktør i Bergens Tidende, Hilde Sandvik.
Foto: Jan M. Lillebø / Jan M. Lillebø– Det er andre gong på eitt år med konflikt for teateret. For eit år sidan hadde dei ein forrykande rettssak, der DNS måtte punga ut med 6 millionar.
– Ein kan jo lura på om dei har brukt tida i mellom godt på å rydda opp i det som vart ein stor skittentøyvask for berre eit år sidan.
Det som kjem fram i brevet sterk kost, seier ho.
– Det er så kraftige skuldingar i dette brevet at ein må undersøka alle påstandane. Det går i alle fall ikkje an å bagatellisera på noko vis.
– Uventa
Teatersjef ved DNS Agnete Haaland seier oppseiinga var uventa.
– Oppseiinga kom som ei stor overrasking, og brevet kom som ei stor overrasking, Me tar det på høgaste alvor og er godt i gang med ein prosess for å sikra at dette vert følgt opp på ein skikkeleg måte.
Tønder var i ettermiddag i eit møte med leiinga i DNS. Han seier til NRK at han har lova å ikkje snakka med media.
Teatersjef ved DNS, Agnete Haaland.
Foto: NRK– Me gjev ingen tilsette munnkorg, men det er klart at me ikkje ønsker å køyre debatten i media. Me ønsker å ha ein skikkeleg prosess på dette internt på huset i første omgang, seier Haaland.
– Tradisjon for konflikt
– Me har hatt nokon konfliktar på dette huset her, det har det vore tradisjon for i mange år. Men det me først og fremst gjer her er å skapa godt teater, og det skal me halda fram med.
Dette utsegnet stussar Sandvik over.
– Eg håpar jo at dette var ei forsnakking, men no må ein verkeleg gå å sjå på kva som ligg bak skuldingane til Tønder, seier Sandvik
Direktør Bente Hartvedt Ringstads seier til NRK at ho ikkje ønsker å kommentera saka.