NRK Meny
Normal

– Helsepersonell bør patruljere med politiet

Mange rusavhengige føler seg jaga og plaga i møte med politiet etter stenginga av Nygårdsparken, fortel brukarorganisasjonar. No foreslår Venstre at helsepersonell skal patruljere saman med politiet i Bergen.

Mange rusavhengige føler seg jaga og plaga i møte med politiet etter stenginga av Nygårdsparken, fortel brukarorganisjonar. No foreslår Venstre at helsepersonell skal patruljere saman med politiet i Bergen.

BØR PATRULJERE: Under debatten om

Jon Henrik Kismul

GATEJURISTEN: Jon Henrik Kismul, jurist i Gatejuristen Bergen, meiner situasjonen for rusavhengige er uverdig.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Dei er plaga, og dei opplever rett og slett ein uverdig situasjon, seier Jon Henrik Kismul, jurist i Gatejuristen Bergen.

Under debatten på ein rusfagleg konferanse som vart arrangert i Bergen torsdag, skildra Kismul korleis dei rusavhengige i Bergen opplever tida etter at Nygårdsparken stengde.

Han meiner at politikarar og politi må finne meir skånsame måtar å møte rusavhengige på.

Fleire av mine klientar opplever at dei blir jaga, og dei opplever at dei har mista mykje tryggleik som dei har hatt hjå oss i bymisjonen. Mange opplever å bli stoppa og vist bort på feilaktig grunnlag, seier han.

Patruljerande helsepersonell

Med Gatejuristen sine utsegner som bakteppe foreslår Venstre no at politiet ikkje lenger skal patruljere åleine, men saman med helsepersonell.

– No er me i den situasjonen at me har stengt Nygårdsparken, og me har mange saker knytt til Vågsbunnen der det har vore kritikk rundt bortvising og den type ting, seier Erlend Horn (V), medlem i komite for helse og sosial.

– Då trur eg absolutt det er ein god idé at ein får slått saman desse kulturane meir saman, slik at den enkelte rusavhengige vert handtert slik som situasjonen tilseier at den bør bli handtert, seier han.

– Kan ha noko for seg

Eiler Macody Lund

LIKAR IDEEN: Sosialbyråd, Eiler Macody Lund (Frp), forsvarar politiet sine bortvisingar, og er positiv til forslaget om at helsepersonell burde patruljere saman med politiet.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

I tillegg til og gatejurist Jon Henrik Kismul var det sju andre personar i debattpanelet. Fleire av dei uttrykte uro rundt det at rusavhengige opplever at dei blir utstøytte.

Sosialbyråd, Eiler Macody Lund (Frp), forsvarar at politiet brukar bøter og bortvisingar, men han seier han likar forslaget frå Venstre.

– Å ha med helsearbeidarar som kan vurdere ein person der og då, saman med politiet, kan ha noko for seg, seier Macody Lund.

Då kan ein til dømes fortelje ein person at ein bør ta ein tur opp til Møllendalsvegen 31, og byrje med LAR-medisinering, eller så kan dei vurdere om nokon må inn på rusakutten på Haukeland, seier han.

SJÅ HEILE DEBATTEN HER:

Politisk debatt om rus i Bergen.

DEBATT: Opptak av den politiske debatten om rus i Bergen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
NRK oppsummerer VM så langt.
Den internasjonale sykkelpresidenten Brian Cookson bommet på årstallet da han åpnet sykkel-VM i Bergen.