Hopp til innhold

– Hardanger bør bli Noregs svar på Champagne

HARDANGER (NRK): Siderproduksjonen har skote i veret dei siste fem åra. No ønskjer hardingane å lage eit eige språk for norsk sider.

Joar Aga - siderprodusent

SIDERSIKKER: Siderprodusent Joar Aga har tru på produktet sitt og satsar stort på sider.

Foto: Tale Hauso / NRK

Har du drukke meir norsk sider dei siste åra? Då er du ikkje aleine. Omsetnaden har stige frå 31.000 liter i 2016 til 79.000 liter i 2017. Seks av ti siderflasker som blir selde på Vinmonopolet, er no norske.

I Hardanger lagar dei 75 prosent av den norske sideren som seljast på polet. Det lokale siderprodusentlaget har no mellom 40 og 45 medlemmer.

– I år skal eg produsere 10.000-12.000 liter sider. Det er litt i meste laget til å vere ny produsent, men eg har så stor tru på produktet eg lager og Hardanger-sider generelt, seier siderprodusent Joar Aga.

Sider i Hardanger

TRAVELT: Joar Aga og kollegaen skil vekk dårlege eple.

Foto: Tale Hauso / NRK

Vil lage eige siderspråk

Det er hektiske dagar i siderpresseriet på Aga i Ullensvang. Joar Aga er ein av fleire som no vel å satse på sider.

I Hardanger har det vore ei rivande utvikling – talet på siderprodusentar er mangedobla, og produksjonen er auka frå 40.000 liter til 200.000 liter på berre fem år.

Sider er smaken av Hardanger, seier marknadsføringa. Å forklare den er lettare sagt enn gjort. Difor ønskjer siderprodusentar, næringslivet og forskarar no å lage eit eige siderspråk.

– Det er vanskeleg å setje ord på kva du eigentleg smakar. Me har ikkje normer for korleis du skal uttrykke smaken, seier Aga.

Noregs Champagne

På motsett side av Sørfjorden, på Lofthus, held Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) til. Dei ønskjer å vere med på å utvikle siderspråket.

– Vinspråket passar ikkje helt. Me trenger eit eige språk som passar til norske ord og uttrykk, seier forskar Ingunn Øvsthus.

Forsker Ingunn Øvsthus i Nibio

ØNSKJER SIDERSPRÅK: Forskar Ingrunn Øvsthus ønskjer eit vokabular for norsk sider.

Foto: Tale Hauso / NRK

Øvsthus ønskjer å auke kunnskapen om siderens eigenskapar. Korleis kan smak, lukt, tekstur og farge lettare kommuniserast, ønskjer ho å vite.

– Språket kan nyttast til marknadsføring, sal og produksjon. Visjonen er at norsk sider skal bli Noregs svar på Champagne, seier Øvsthus.

– Kan ikkje måle seg

I kjellaren på Utne Hotel viser Bente Raaen Widding sider i ulike fasongar og fargar som står tett i tett på bordet. På Utne Hotel har dei sakna eit siderspråk.

– Då kan du verkeleg byrja kjenne forskjellen på kor i Hardanger sideren kjem ifrå. Viss dei som lager sideren, blir meir medvitne på lukta og smaken til sideren, blir det lettare å setje den saman med mat, seier Widding.

– Me har verdas beste eple. Champagne kan ikkje måle seg med det me har her i Hardanger. Det må verda skjønne, seier Aga.

Bente Raaen Widding - Utne Hotel

UTVAL: I kjellaren på Utne Hotel har dei sidersmaking kvar einaste kveld. Totalt kan ein teste sju forskjellige produsentar frå Hardanger.

Foto: Tale Hauso / NRK