Hopp til innhold

– Fleire vil bli arrestert i «Dark Room»-saka

Så langt er 51 personar sikta i ei av Noreg sine største overgrepssaker nokon sinne. I dag varslar politiet i Bergen at endå fleire vil blir arrestert i tida framover.

Gunnar Fløystad

Leiar for påtaleavdelinga i Bergen, Gunnar Fløystad, fortel at «Dark Room»-saka vil blir endå større.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Vi arbeider vidare. Det betyr at det vil kome fleire arrestasjonar, og det vil kome nye saker, seier leiar for påtaleavdelinga i politiet i Bergen, Gunnar Fløystad.

Han vil ikkje ut med detaljar omkring dei komande arrestasjonane, eller om det har kome fleire tips sidan operasjon «Dark Room» blei kjent denne helga.

– Eg kan ikkje seie så mykje om kor vidt det har kome fleire saker i kjølvatnet av dekninga av saka dei siste dagane. Det har vore ein ekstremt hektisk periode, seier Fløystad i Bergen tingrett i dag.

Døren til Operasjon Dark room

Bak denne døra i Bergen har «Dark Room»-gruppa avslørt eit stort nettverk av overgriparar.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Vi held fram arbeidet

Saka starta med at ein mann i 20-åra blei meldt til politiet for å ha hatt seksuell omgang med ei 14 år gamal jente. Omfanget skulle vise seg å vere enormt. Til no er det funne det som svarar til 35.000 DVD-plater med overgrepsmateriale.

– Sakene er alvorlege. Vi grev i materialet vi har beslaglagt og i kjelder på internett. Slik finn vi nye gjerningspersonar og klarer å identifisere fornærma før sakene blir meldt til politiet, seier påtaleansvarleg Janne Heltne.

Politiet trur det har ei førebyggande effekt å gå ut med informasjon som viser at overgriparar blir tatt.

– Vi har visst lenge at vi på eit eller anna tidspunkt måtte gå ut og frotelle om saka. Vi er vi ganske sikre det har ein førebyggande effekt, seier Fløystad.

Politiet meiner både foreldre og andre blir meir merksame, og at dei som er på det mørke nettet kan bli skremt til å slutte å utføre overgrep.

Chatta om overgrep

I dag kom den siste fengslinga i saka så langt. Ein 23 år gamal mann blei varetektsfengsla i fire veker. Politiet meiner han har chatta om overgrep mot born.

Han er son til ein politimann som også er sikta i saka.

– 23-åringen er ein person vi har vore på jakt etter ganske lenge, men eg vil ikkje seie noko meir om kor vidt han er meir sentral i saka enn andre. Alle høyrer til ikkje eit stort nettverk. Det er fleire ulike nettverk som opererer på nettet, seier Fløystad.

Janne Heltne og Jostein Alvheim - Dark Room

Påtaleansvarleg Janne Heltne og forsvarar for 23-åringen, Jostein Alvheim, i Bergen tingrett i dag.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Politidistrikt over heile Noreg har blitt informert om saka. Personane som er sikta i saka kjem frå heile landet, og offera er både norske og utanlandske.

– Arbeidet som «Dark Room»-gruppa har gjort må vidareførast på ein eller annan måte. No er politiet inn i ei omorganisering, og då vil dette vere eit tema for omorganiseringa, seier Fløystad.