– Fare for fleire store ras

Fv 550 er framleis stengt etter at det gjekk eit stort snøskred over inngangen til rasoverbygget på Velure i Ullensvang i går. Vegen opnar ikkje i dag.

Ras på fylkesvei 550 i Ullensvang

TUNNELEN BEGRAVD: Området rundt raset er heilt sperret av. Biletet viser korleis tunnelmunningen er heilt begravd.

Foto: Arvid Aga

– Det ligg veldig store snøskavlar oppe i fjellet, og det er stor fare for at dei kan kome ned. Det er for farleg å gå inn og rydde i dag, fortel Ove Amundsen i Statens vegvesen.

Onsdag var ein geolog på synfaring etter at det tysdag kveld gjekk eit ras over inngangen til rasoverbygget, på Velure i Ullensvang. Han konkluderte med at vegen ikkje blir opna i dag.

– Det er for farleg å gå inn og rydde i dag. Vi vente på til i morgon, for då ser det ut som at vi får eit kaldare vær og då blir snøen meir bunde, seier Amundsen.

Ei ny vurdering vil skje i morgon klokka 13.00.

Vitne såg raset

Raset gjekk på fylkesveg 550 og vart meldt til politiet av vitne som så snø- og steinmassar komme ned fjellsida. Området rundt raset er heilt sperra av.

– Raset har gått ut over eit rasoverbygg og patruljen melder at det er cirka 20 meter bredt og omtrent ti meter høgt, sa operasjonsleiar Arve Samsonsen i politiet måndag kveld.

Ordførerens bilde av raset i Hardanger
Foto: Solfrid Borge

Ordførar var vitne

Ordførar Solfrid Borge i Ullensvang såg sjølv raset frå huset sitt på Lofthus.

– Det gjekk utruleg fort og buldra noko veldig. Det er veldig bratt der og det kom i kjempefart så røyken stod frå fjellsida, seier Borge.

Ho fortel at det har gått mange skred dei siste dagane.

– Eg ser rett bort i området frå kjøkenvindauget mitt, og har full oversikt over alle skreda som har gått der. Det er ikkje akkurat få, seier ho til NRK.

Vane med ras

Det meste av raset gjekk over tunnel og skredoverbygg.

– Heile tunnelmunninga er dekka med snø. Vi er heldige som har skredoverbygg, som tar imot det meste. Men dette er altså så stort at det har gått utanom det også, seier Borge.

Folk i området er vane med at det går ras, fordeler ordføraren.

– Vi bur under bratte skrentar og veit det. Men vi prøver å legge til rette så det skal vere trygt å ferdast, men i dag var ikkje overbygga lange nok.