NRK Meny
Normal

Jussprofessor: – Du har lov å nekte politiet å komme inn

Politiet kan ikkje tvinge seg inn i din private bustad utan ransakingsordre, seier jussprofessor Terje Einarsen ved UiB: – Det er ikkje greitt å gå på dørene til folk og be om å få komme inn for å sjå om ein finn noko.

Asylsøkere kommer til Politiets utlendigsenhet

– IKKJE LOV Å TVINGE SEG INN: Politiets utlendingsenhet bad bergenspolitiet arrestere ein afghanar i byrjinga av tjueåra. Biletet er frå utlendingsenheten sitt kontor i Christian Kroghs gate i Oslo.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Fredag sist veke dukka tre sivile polititenestemenn opp på døra til Rudi Bakken utan ransakingsordre. Bakken var ikkje heime, men ein ven som var på besøk opna for dei tre betjentane.

Det er ikkje greitt å gå på dørene til folk og be om å få komme inn for å sjå om ein finn noko.

Terje Einarsen, jusprofessor

Bakken har reagert kraftig på det han opplever som ei ransaking, og at han ikkje fekk beskjed på førehand.

Jusprofessor Terje Einarsen ved Universitetet i Bergen seier politiet på generelt grunnlag ikkje har lov til å gå inn i private bustadar utan vidare.

– Du har lov å nekte politiet å komme inn i din private bustad. Politiet kan ransake ein leilegheit utan løyve frå den som bur der, men då må ein enten ha ei avgjersle frå retten eller frå ein kompetent person i påtalemyndigheitene.

– Har dei ikkje ei slik ransakingsordre kan dei ikkje tvinge seg inn. Då må dei vente til dei får det.

LES OGSÅ: – Trenger sikker informasjon for å bruke tvang

– Retten til å nekte er grunnlovsfesta

Terje Einarsen, professor

– Viss politiet ikkje gir beskjed om kvifor dei er der, og i tillegg byrjar å rote etter andre ting, så er det ei ransaking i strid med lova, slik eg vurderer det, seier jusprofessor Terje Einarsen ved UiB.

Det er berre i heilt spesielle tilfelle at politiet har lov til å tvinge seg inn i ei leilegheit utan løyve, seier Einarsen.

– Du har lov å nekte. Unnataket må vere dersom politiet er på ferske spor, altså viss dei har følgt etter ein person inn i ei leilegheit.

Denne retten til å nekte politiet tilgang til din private bustad er grunnlovsfesta, seier Einarsen.

– Det skal ikkje vere berre, berre for politiet å komme inn.

– Må vere rimeleg grunn til mistanke

Venen som opna døra til Rudi Bakken si leileigheit, seier han ikkje fekk vite kva politiet skulle før dei kom inn. Bakken reagerer også på at politiet skal ha rota i papira hans.

– Ber politiet om å få komme inn utan å seie kva dei skal og rotar rundt i papir medan dei er der, så er ikkje det greitt. Ein kan ikkje gå og fiske etter bevis utan å ha ein mistanke, seier Einarsen.

– Det er ikkje greitt å gå på dørene til folk og be om å få komme inn for å sjå om ein finn noko.

For at politiet skal ha lov til å komme inn i ein privat bustad utan ransakingsordre, må dette vere på plass ifølgje jussprofessoren:

  • Politiet må få løyve til å komme inn i leilegheita frå den som er der.
  • Politiet må ha skjellig grunn til å gjere dette. For eksempel til å mistenke at ein asylsøkjar er skjult i leilegheita.
  • Politiet må opplyse om kvifor dei er der før dei blir sloppe inn.

– Viss politiet ikkje gjev beskjed om kvifor dei er der og byrjar å rote etter andre ting er det slik eg vurderer det i strid med lova, seier Einarsen.

– Treng sikker informasjon

Rudi Bakken

FØLER SEG TRAKASSERT: Rudi Bakken meiner politiet braut lova då dei tok seg inn i leilegheita hans.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Årsaka til politiets besøk heime hos Rudi Bakken var at dei lette etter ein afghanar som skulle sendast ut av landet etter å ha fått avslag på opphald. Difor oppsøkte dei Bakken som var oppsøkt som fullmektig for afghanaren.

Politiets utlendingsenhet (PU) som bestilte aksjonen mot Rudi Bakkens leilegheit seier framgangsmåten i denne saka er spesiell.

– Det er ikkje vanleg å oppsøke fullmektigar heime for å arrestere personar som skal sendast ut av landet, men i prinsippet blir ikkje dette annleis enn i andre saker, seier politiadvokat i PU, Jon Andreas Johansen.

PU-advokaten meiner politiet skal kunne bruke tvang for å komme seg inn på privatadresser, viss dei har sikker informasjon som viser at personen er til stades.

– Ikkje alltid lett å nekte når politiet står på døra

Politiadvokat Arne Fjellstad i Utlendingsseksjonen forsvarar politiet sin framgangsmåte då dei kom på døra til Rudi Bakken.

Dei som var involvert seier at dei ikkje har sett i nokre dokument eller papir.

Politiadvokat Arne Fjellstad i Utlendingsseksjonen i Bergen

– Det primære var å få snakke med Rudi Bakken, og viss den afghanaren hadde vore der, så hadde det vore ein bonus. Då hadde me arrestert han, noko som var målet vårt, seier Fjellstad.

– Dei som var involvert seier at dei ikkje har sett i nokre dokument eller papir. På eit tidspunkt forflytta ein av dei seg litt bort frå dei andre, men då var det for å snakke med PU i Oslo. Eg veit ikkje kvifor det blir sagt at politiet har gått rundt og leita etter ting i huset hans.

LES OGSÅ: Heile politiets svar her

Fjellstad seier politiet blei invitert inn. Bakkens versjon er at kameraten som var i leilegheita hans opplevde at politiet pressa på for å bli sluppen inn. Stemmer sistnemte forklaring, er det eit brot på retningslinjene.

– Det er ikkje noko i vegen for at politiet spør om å få komme inn og kontrollere at opplysningane er riktige. Men det er sjølvsagt slik at det bør synast varsemd, fordi det ikkje alltid er så lett å nekte når politiet står på døra, seier Johansen i PU.

Bakken har varsla at han vil klage saka inn for politimeisteren i Hordaland.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo