NRK Meny
Normal

– Dei hogger ned grantrea 30-40 år for tidleg

Store mengder norsk sitkagran blir i dag hogd ned og eksportert til utlandet. Men dagens hogst er både ulønnsam og dårleg for miljøet, meiner ekspertar.

Sitkagran ved Oslo

KAN LEVE I 100 ÅR: Sitkagrana er på sitt beste når den blir nærare 100 år. Men ofte vert dei hogt ned mange ti år før det.

Foto: (cc) Terje Solbakk / flickr.com/29917491@N08

– Det meste av treet som blir hogga i dag er 50–60 år gammalt. Det kan voksa godt i 100 år, seier Hans Nyeggen.

Han er avdelingsingeniør og forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi. Han meiner det ikkje er lønsamt for samfunnet at trea vert hogga ned så tidleg.

I dag er det fritt fram å hogga ned ung sitkagran, og Nyeggen etterlyser no strengare reglar.

– Ja, eg trur det ville vore ein fordel både for skognæring og for samfunnet og skogen som ressurs.

Sitkagrana som vert hogd ned vert eksportert til blant anna Tyskland og Belgia.

Hans Nyeggen

VIL HA ENDRING: Hans Nyeggen er avdelingsingeniør og forskar ved norsk institutt for bioøkonomi. Han ønsker ei regelendring, slik at det ikkje vert lov å hogga ned Siktagran før dei har nådd ein viss alder.

Foto: SIRI LØKEN / NRK

CO2-fangsten forsvinn

Tømmeret frå sitkagranen har altså best kvalitet når treet er omtrent 90 år gammalt. Trea som bli hugga og eksportert i dag er om lag 50–60 år gammal. Det gjev dårlegare pris til skoeigarane og C02-fangsten sitkagrana står for forsvinn.

Ofte blir det heller ikkje planta nye tre.

– Det er ein aukande del som vert hogd av denne sorten, og ofte blir den hogga for ungt, på areal som elles kunne stått i alle fall i 10, 20, 30 år til, seier Jan Ivar Rødland.

Liten kunnskap blant skogeigarane

Rødland er skogbruksplanleggar i Vestskog og styreleiar i Skognæring kyst. Vestskog representerer 3700 skogeigarar på Vestlandet.

Han er einig i kritikken som rettast mot bransjen, og meiner mykje skuldast uvitenheit.

– Det er blant anna manglande kunnskap blant skogeigarane, og ei forventning om at dei ikkje tener pengar på det, noko dei vil gjera om dei ventar 20 år til med hogsten. Og så har me den hatsen dei har fått om brunsniglar.

Sitkagranen blei importert frå Nord-Amerika og planta over heile landet i stor stil frå 1950-talet. Blant mange nordmenn hata og uønskt. Treet høyrer ikkje naturleg heime her.

Men Nyeggen trekk fram sitkagranen sine gode eigenskapar.​

– Dette er eit, lett, seigt og sterkt treslag.

Jan Ivar Rødland

MANGLAR KUNNSKAP: Jan Ivar Rødland er skogbruksplanleggar i Vestskog og styreleiar i Skognæring kyst. Han trur skogeigarane veit for lite om konsekvensen av å hogga ned siktagranene for tidleg.

Foto: SIRI LØKEN / NRK

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.