Hopp til innhold

– Cruisebåtane er ikkje verstingane

Kystverket patruljerer norskekysten på jakt etter oljesøl frå skip. I fjor fekk 72 skip bøter, men det er ikkje cruiseskipa som syndar mest.

Oljesøl ved Langesund

OLJESØL: Kystverket gav 72 skip bøter for oljeforureining i fjor. Kystverket kartlegg kysten på jakt etter ureining frå skipstrafikken. Biletet viser oljesøl utanfor Langesund i 2009.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Cruiseskipa får for mykje av skulda for oljeutsleppa langs norskekysten.

Det meiner Kystverket, som i staden peikar på dei store norske og utanlandske lasteskipa.

Utslipp

FORUREINING: Kystverket har god oversikt over kva dei ulike skipa utanfor norskekysten driv med. Frå lufta overvakar dei utslepp og leitar etter oljesøl. Dette skipet hadde alt på det reine.

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK

Overvakar frå lufta

Ved hjelp av kamera og GPS leitar Kystverket etter oljesøl i havet. I fjor vart 72 skip teke for utslepp. Straffa er sviande bøter.

– Viss du ser bak han, så ser det veldig fint ut, seier Jan Olav Ødegård.

Han er rådgjevar i Kystverket. Frå 900 meters høgd følgjer han skipstrafikken i skjergarden med argusauge.

– Me tek alle bileta me kan og snakkar med båtane. Dokumentasjonen leverer me vidare til Kystverket, som vurderer om det me har funne er ulovleg eller ikkje.

Kystverket jaktar oljesøl

OVERSIKT: Rådgjevar i kystverket, Jan Olav Ødegård, overvakar utslepp frå norsk skipstrafikk frå lufta.

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK

Lasteskipa er verst

Flest vart tekne langs kysten av Hordaland. Lasteskip er verstingane.

– Det er lasteskipa som framleis toppar statistikken både i Noreg og internasjonalt. Difor synest me det er litt vel overdrive å fokusera så mykje på cruiseskipa, seier seniorrådgjevar Rune Bergstrøm i Kystverket.

Kystverket jakter oljesøl

KAMERA: Kystverket overvaker kysten ved hjelp av kamera og GPS. Målet er å kartlegga omfanget av oljeutslepp frå skipstrafikken.

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK

Ynskjer strengare krav

Kystverket bøtelegger både norske og internasjonale lasteskip. Etaten jobbar for å få på plass strengare internasjonale krav til den globale skipsflåten. Men det er ein seigliva prosess.

– Det tek lang tid å få gjennom internasjonale endringar av regelverket, til dømes på kva måte båtar vert konstruert. Me må gå gjennom FN sin internasjonale maritime organisasjon. Det tek tid, seier Bergstrøm.

Rune Bergstrøm, Kystverket

VIL STRAMMA OPP: Rune Bergstrøm er seniorrådgjevar i Kystverket, som ynskjer strengare internasjonale krav til skipsflåten velkomen.

Foto: Sissel Rikheim / NRK