Hopp til innhold

– Arbeidspresset er altfor stort, og det har det vore lenge

Senterpartiet vil ta opp forholda ved Kvinneklinikken i Bergen med helseministeren.

Kvinneklinikken i Bergen

BEMANNING: Sykepleierforbundet og jordmorforeningen meiner bemanninga på Kvinneklinikken er for låg.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Torsdag melde NRK at Sykepleierforbundet og jordmorforeningen på Haukeland universitetssjukehus har bestemt seg for å varsle forholda på Kvinneklinikken inn for Arbeidstilsynet og Fylkeslegen i Vestland.

– Vi er bekymra for situasjonen på Kvinneklinikken, og det har vi vore lenge, seier Kjersti Toppe, stortingsrepresentant for Senterpartiet.

No vil ho stille spørsmål til helse- og omsorgsminister Bent Høie om bemanninga på klinikken er god nok.

Senterpartiets Kjersti Toppe

UROA: – Vi vil spørje Høie om han kan garantere at det er forsvarleg bemanning på kvinneklinikken og kva han konkret tenker å gjere for å sikre det, seier Toppe.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

Enormt arbeidspress

Toppe meiner det er alvorleg at fagforeiningar ved Kvinneklinikken er så uroa for bemanninga at dei vurderer å varsle om det.

– Folk skal vere trygge på at dei får ei forsvarleg tilbod når dei skal føde. Sånn som det er no, er det bekymringsfult, seier Toppe.

Kvinneklikken ved Haukeland universitetssjukehus er ikkje den einaste føde- og barselavdelinga der dei har for mykje å gjere, påpeikar Toppe.

– Det er eit enormt arbeidspress på kvinneklinikkane, og det er ein veldig låg bemanning opp mot oppgåvene dei har. Det har vi sett lenge.

Meiner sjukehuset har nok pengar

Toppe meiner sjukehusa er underfinansiert, men seier ho også ser også ein tendens til at ein nedprioriterer fødsel og barsel i helsevesenet. Ho ber difor regjeringa syte for at helseføretaka ikkje kuttar i bemanninga på kvinneklinikkane.

Torill Eidsheim (H)

HAR TILLIT: Torill Eidsheim (H) er trygg på at Haukeland sikrar eit godt tilbod til fødande, og vil ikkje gripe inn.

Foto: Terje Heiestad / Stortinget

Torill Eidsheim sit i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget for Høgre. Ho seier at ho ikkje kjenner til ei underbemanning ved Kvinneklinikken, anna enn det som har kome fram i media.

– Dersom fagforeininga på ny meiner arbeidssituasjonen er uhaldbar, er det noko Arbeidstilsynet og Fylkeslegen i så fall har ansvar for å følgje opp, seier Eidsheim.

– Sist gong fann ein ikkje noko kritikkverdig. For meg kan det tyde på at det er ein konfliktsituasjon her som eg håpar Kvinneklinikken finn gode løysingar på.

Eidsheim meiner Høgre eller andre parti ved Stortinget verken kan eller bør gripe direkte inn i bemanningssituasjonen ved barselavdelingane.

– Helse Bergen budsjetterer i år med eit overskot på drifta med 120 millionar. Så det skulle vel tyde på at dei har nok pengar og vil kunne prioritere riktig til det beste for både tilsette og ikkje minst pasientar. Eg har tillit til at Helse Bergen sikrar eit trygt og godt fødetilbod.

Susanne Albrechtsen

FEIL: Direktør Susanne Albrechtsen ved Kvinneklinikken, seier det ikkje stemmer at klinikken blir nedprioritert på sjukehuset.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– Blir ikkje nedprioritert

Direktør ved Kvinneklinikken, Susanne Albrechtsen, avviser at avdelinga blir nedprioritert på Haukeland.

– Fødslar er i fokus og blir på ingen måte nedprioritert på Haukeland. Vi er opptekne av å gi dei knappe 5000 kvinnene som føder her kvart år eit godt og trygt tilbod innanfor dei rammer vi har til rådigheit.

– Vi er i gang med ei kartlegging av blant anna bemanninga samanlikna med andre sjukehus. Utover det ønsker eg ikkje å kommentere utspelet.