Hopp til innhold

90 prosent av korridorpasientane er vekk

På halvanna år har dette sjukehuset i Bergen gått frå verst til best i talet på pasientar som ligg på gangen.

Erik Thomassen

HER LÅG PASIENTANE FØR: Overlege Erik Thomassen og kollegaene hans mottar rundt 30 oppkall kvar arbeidsdag frå fastlegar som spør dei før pasientar blir sendt til sjukehus. – Det er ganske mange som ringjer, og no klarar vi å styre litt meir av innleggingane. Det fungerer godt, synes han.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

– Vi hadde opp i 2–300 korridorpasientar berre på ein månad. På eit år blei det fleire tusen. No har vi få eller ingen, fortel klinikkdirektør Åse Nordstrønen..

Det handlar om Haraldsplass Diakonale Sykehus, eit steinkast frå Haukeland universitetssjukehus. For få år sidan var korridorpasientar eit stort problem. Men no skal ein leite lenge for å finna ein pasient som må overnatta på gangen.

– Vi har redusert talet frå tidleg 2014 og til no med rundt 90 prosent, seier Nordstrønen.

– Låg pasientar overalt

I 2014 var det over 50 000 korridorpasientar ved sjukehus i Norge. Haraldsplass var ein sjukehusa med aller flest. Då gjekk leiinga inn for å gjera noko med talet på korridorpasientar.

Fagdirektør Petter Thornam, seier til Dagens Medisin at det den gongen låg pasientar over alt.

– I gongane og på venteromma. Heile sjukehuset har jobba for å løyse problemet, seier han.

Dette blei gjort:

  1. Ny medisinsk kompetanse i akuttmottak
  2. Ein telefon som fastlegar kan nå overlegane på
Åse Nordstrønen

– NESTEN INGEN ATT: Eit fåtal av pasientane på Haraldsplass må no overnatta på gangen. – For få år sidan var det fleire tusen, fortel klinikksjef Åse Nordstrønen.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

– Det aller viktigaste vi har gjort er å ha ei anna medisinsk kompetanse i akuttmottaket. No har vi overlegar der som kan ta raske og riktige avgjerder når pasientar kjem inn, fortel klinikksjef Nordstrønen.

I tillegg kjem telefonen som fastlegar kan nytte seg av og stille røynde overlegar spørsmål før pasientar blir lagt inn.

LES OGSÅ: – Tar ikke korridorpasienter på alvor | Kongen åpnet sykehus til seks mrd: Hans ligger på gangen | Lover å fjerne korridorpasientene (igjen)

– Vi ser at fleire pasientar får eit anna tilbod enn det å bli lagt inn på sjukehus, fortel Nordstrønen.

Får cirka 30 oppkall per dag

Telefonkontakten gjer at overlege Erik Thomassen og kollegaene hans mottar rundt 30 oppkall kvar arbeidsdag.

– Det er mange som ringjer, og no klarar vi å styre meir av innleggingane. Vi kan finne løysingar med fastlegane som ikkje alltid gjer at pasienten skal leggast inn same dag, forklarar overlegen.

Pasientombod Rune Skjælaaen er den som får klagene frå korridorpasientar. Han veit også om pasientar som har skrive seg ut av sjukehuset fordi dei har opplevd det uverdig å sove på gangen.

Rune Skjælaaen

– GLIMRANDE! Pasientombod Rune Skjælaaen synes det er imponerande at Haraldsplass har fått vekk problemet med korridorpasientar.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

– Difor er dette glimrande. For eit år sidan var Haraldsplass ein av verstingane. Eg syns det er veldig flott at dei har tatt grep og gjort noko med problemet, seier han.

Klinikksjef Nordstrønen trur måten Haraldsplass har snudd opp ned på livet på gangen kan bli ein modell for fleire sjukehus.

– Fleire sjukehus har spurt korleis vi har gjort dette. Vi er veldig nøgd med det vi har gjort. Då vil eg tru andre sjukehus også kan vinne på å gjere det same, seier ho.