– Årsaka er mindre aktivitet på norsk sektor, seier kommunikasjonssjef Andreas Helgesen i FMC Technologies.
Permitteringane gjeld subsea services-eininga på Ågotnes. Korleis det råkar i organisasjonen vil leiinga informera dei tilsette om seinare.
Det er uvisst kva tid alle tilsette kan vera tilbake i jobb.
Ser det er naudsynt
I følgje Stian Lybekk Hansen, tillitsvald i FMC fekk dei tilsette informasjon på eit allmøte den 15. september.
– Det var nok venta for somme, fordi det er lågare aktivitet haust og vinter. Det er trist, men vi ser også at det er naudsynt på grunn av mangel på arbeid, seier Hansen.
Hardt råka offshore-base
CCB på Ågotnes er ein base der mange offshorebedrifter er samla.
FMC Technologies har dei siste åra hatt store utbyggingar på basen, men sidan nedgangen i offshorenæringa starta har både FMC og dei andre bedriftene vore gjennom fleire store rundar med kutt.
Tidlegare i dag varsla Aker Solutions på Ågotnes at inntil 100 tilsette kan bli permittert frå neste månad, i hovudsak offshore-arbeidarar, skriv Sysla Offshore.
– Vi har valt midlertidig permittering i staden for oppseiing. Erfaringa vår tilseier at aktiviteten vil ta seg opp noko i løpet av våren, i samband med sesongarbeid, seier pressesjef Anne Cecilie Lund-Andersen i Aker Solutions til NRK.
Ordførar fryktar konsekvensane
Ordførar i Fjell kommune, Marianne Bjorøy (Ap), seier permitteringsvarselet kom overraskande.
– Dette kan få store konsekvensar mellom anna med tanke på økonomi. Det blir færre arbeidsplassar, lågare skatteinntekter og fleire tilknytt Nav. Slikt får konsekvensar for heile samfunnet, seier Bjorøy.
Ho tykkjer det er skremmande kor fort arbeidsløysa har auka dei siste åra.
Trur det lysnar i 2018
Dei tilsette i Aker Solutions vart i dag tidleg innkalla til møte kl. 10.00:
– Dette er veldig trist for både den enkelte og for lokalsamfunnet. Vi har vore gjennom to nedbemanningar det siste halvanna året. Med denne tredje blir det endå meir einsamt i gangane.
Det seier Tommy Angeltveit, som er klubbformann for LO-forbundet Industri Energi i Aker Solutions på Ågotnes.
– Har Aker og FMC samkøyrt sine permitteringsvarsel?
– Det veit eg ikkje, men også dei tidlegare nedbemanningane har blitt varsla med berre timars mellomrom i dei to bedriftene, seier Angeltveit.
– Vi trur nok marknaden vil gå opp att, men det skjer nok ikkje før seint i 2017. Vi har trua på at når vi kjem oss gjennom neste år ser vi lysare tider i møte.