Hopp til innhold

18-åring som omkom i ulukka var passasjer i bilen

Politiet er no sikre på kven av dei to 18 år gamle kameratane som køyrde ulukkesbilen i Kvinnherad. – Ulukka pregar ungdomsmiljøet i kommunen, seier ordføraren.

18-åring omkom i trafikkulykkke i Kvinnherad

STORE MATERIELLE SKADER: Ulukkesbilen snurra rundt og trefte autovernet i Opsangervegen natt til 27. desember.

Foto: Anders Totland / Sunnhordland

18 år gamle Jens Emil Tøkje Jacobsen mista livet i ulukka i Kvinnherad natt til 27. desember. Ein mann på same alder vart sendt til sjukehus med kritiske skader.

Etter å ha avhøyrt over ti vitne i ulukkesetterforskinga, er politiet no sikre på kven av dei som køyrde bilen.

– Basert på opplysningane frå vitne og andre forhold meiner vi at det var passasjeren i bilen som omkom i ulukka. Tilstanden til sjåføren av bilen er framleis alvorleg. Han ligg til behandling på Haukeland universitetssjukehus, fortel lensmann Sigurd Børve i Kvinnherad.

Dødsulukke i Kvinnherad natt til tredje juledag

FØRST PÅ STADEN: Fleire ungdommar var på staden kort tid etter at ulukka skjedde og melde frå til naudetatane.

Foto: Jonn Karl Sætre / Kvinnheringen

Sjåføren ikkje avhøyrd

Politiet har snakka med dei ungdommane som var først på ulukkesstaden og som melde frå til naudetatane.

Seinast i dag var politiet på ny synfaring saman med Vegvesenet på ulukkesstaden.

Men 18-åringen som politiet meiner var sjåføren av bilen, har ikkje politiet fått avhøyrd enno.

– Det har ikkje vore mogleg å snakka med han enno. Det må vurderast i samråd med helsepersonell når det er forsvarleg å gjera avhøyr av han, seier Børve.

Kvinnherad kommune etablerte raskt eit kriseteam etter ulukka. Ordførar Peder Sjo Slettebø seier ulukka har råka den vesle kommunen sterkt, og spesielt ungdomsmiljøet.

– Sorga vil ta tid. Det er ein tragedie at eit ungt liv har gått tapt og det også tragisk for den familien som har ein til behandling på sjukehus. Det viktigaste er at vi tek vare på dei som er råka og at dei får tid og rom til å takle dette.

Jaktar på svar

Sidan ulukka har ført til tap av menneskeliv, kan den unge sjåføren risikera ein alvorleg sikting mot seg.

Lensmann Sigurd Børve i Kvinnherad kommune

ETTERFORSKAR ULUKKER: Lensmann Sigurd Børve i Kvinnherad.

Foto: Tale Hauso / NRK

Tysdag vil ikkje lensmannen kommentera dette før dei veit årsaka til at ulukka skjedde.

– Etterforskinga går føre seg for fullt. Vi ventar til vi får konklusjonane i fagrapportane frå kriminalteknisk og undersøkingsgruppa til Vegvesenet, samt fleire vitneavhøyr. Først då kan vi ta ei påtalemessig avgjerd, seier Børve.

Kan ta månader

Natt til 27. desember køyrde dei to 18-åringane ei «fast» rute rundt Opsangervatnet ved Husnes.

Vitne har fortalt at fleire ungdommar og bilar var samla på parkeringsanlegget ved Husnes storsenter den natta.

I 01.30-tida skal dei to 18-åringane ha køyrd frå parkeringsanlegget. Klokka 01.41 vart den alvorlege ulukka meldt.

Vêrforholda på staden var svært vanskelege og gjorde at luftambulansen ikkje kunne landa.

Det vesle politikontoret i Kvinnherad har travle dagar. Dei etterforskar også ei alvorleg ulukke i Halsnøytunnelen like før jul, der ein personbil med seks personar hamna i fjellveggen.

– Eg trur det fort vil gå nokre månadar før vi veit årsaka til dei ulukkene, avsluttar lensmann Sigurd Børve.

husnes