Det har vore mangel på faste øvingslokale for band i Bergen. Bergen Kjøtt og Marineholmen øvingspark var tidlegare eit etterlengta initiativ for å dekka noko av behovet for øvingslokale i Bergen.
No er det stor uvisse om kva som vil skje med Bergen Kjøtt etter at eigarane av bygget gav beskjed til utleigaren at lokalet må vera fråflytta innan 31. januar i år. Dette skjer samtidig som at allereie 62 band har blitt kasta ut frå sine øvingslokale i containerane på Marineholmen. Over 100 band kan difor snart stå utan noko øvingslokale.
– Kommunen må finna ny tomt til musikkbingane og det ganske raskt. Samtidig er det stor uvisse for Bergen Kjøtt og det er uheldig, seier Karen Softe Sørensen i interesseorganisasjonen for det rytmiske musikkmiljøet i Hordaland og Sogn og Fjordane (BRAK).
- SJÅ OGSÅ:
Misser øvingslokale
Over 60 band hadde øvingslokale i dei 18 øvingscontainerar som var plassert på Marineholmen. Desse vart plassert her etter den store brannen i Skuteviken i 2008 som resulterte i 50 øydelagde øvingslokale.
- SJÅ OGSÅ:
Grunneigarane GC Rieber trong plutseleg plassen der musikkbingane var plassert til nye byggjeprosjekt, og banda måtte difor flytte ut 15. januar i år og containerane vart førebels fjerna.
Samtidig har eigarane av kulturhuset Bergen Kjøtt, sagt opp leigeavtalen med Annine Birkeland, leiar av driftsselskapet Bergen Contemporary Art Project AS (BCAP). Ho har leiga huset og vidare utleigd rom til banda. No ser det ut som at desse banda må pakke sakene og flytte ut.
– Det er uvissa som er verst for musikarane no, seier Sørensen.
Risiko å stå utan noko
– Grunnen til at vi flytta var at vi ikkje ville risikera å plutseleg måtta vera fleire månadar utan øving, då vi for tida øver til studio og konsertar, seier Jørgen Digranes.
Han spele trommer i bandet SandmarX. Bandet har hatt øvingslokale i musikkbingane på Marineholmen i nesten 3 år og var veldig nøgd med tilbodet. Dei og 61 andre band måtte flytta ut frå bingane i januar i år.
– Det var stor fridom til å øva når vi ønska det, samtidig var det ein fantastisk plassering. Så det var synd vi vart kasta ut, seier Digranes. Bandet var heldig og fann eit anna øvingslokale, og valte heller dette enn å venta i uvissa.
– To alternative lokaliseringar
Kommunen arbeider no med å finne plass til dei 18 containerane ein annan plass i sentrum. Bjarte Røberg, rådgjevar i etat for bygg og eigedom i Bergen kommune, fortel at det ser positivt ut for å finne ein plassering for musikkcontainerane.
– Vi har to alternative lokaliseringar. Vi arbeider med byggjesaka for å få til løyve no, men det vert mest sannsynleg eit førebels tiltak, seier Røberg.
Kommunen har sendt inn søknad og håper å få eit svar innan februar og starta drifta allereie i mars. Sørensen håper at dei kan få ein fortgang i forhandlingane, og gje eit konkret svar på nettopp dette.
– Vi må få ei rask avklaring på begge lokala. Det er ikkje kjekt for musikarane som treng lokale at alt er så usikkert, seier Sørensen.
Kartlegging av øvingslokala
BRAK har arbeida med å kartleggja øvingslokala til musikarane i Bergen og resultatet viser tydeleg at det er mangel på faste øvingslokale.
– Vi har ikkje råd til å mista mange øvingslokale på ein gang. Eg håper no at det også kan kome nokre lokale som er langsiktige for musikarane, i tillegg til Bergen Kjøtt og musikkbingane, seier Sørensen
Det er ikkje mange øvingslokale som er ledige i Bergen i dag.
– Alle kulturkontor har nokre få øvingslokale, men dei er stort sett fullbooka allereie, seier Wenche Grytnes som er kultursjef i Fyllingsdalen og Laksevåg kulturkontor.
Tidlegare forslag
- SJÅ OGSÅ:
Det har kome mange ulike forslag til alternativ til øvingslokale opp gjennom åra. I 2011 kom det forslag frå BRAK at dei ønskja å overta Teknikerkroen og dei andre romma inn i fjellet. Dette forslaget vart likevel lagt på is.
– Brannanlegget og vifteanlegget i lokalet vart altfor vanskeleg å få fiksa. Så det vart rett og slett for komplisert og for dyrt, seier Sørensen.