Hopp til innhold

10 av 12 laks i elva stamma frå oppdrett: – Verste eg har sett

HARDANGER (NRK): Store mengder oppdrettslaks gjer jobben med å berga villfisken krevjande. Etter tre års arbeid i Granvinselva, har forskarane berre henta ut éi familiestamme.

Stamfiske i Granvinselva

STAMFISKE: Fiskarar fanga tolv laks i Granvinselva til bruk i genbanken i Hardanger. Gentestane viste at ti av fiskane stamma frå oppdrettslaks.

Foto: Roy Petter Pettersen / Hardangerfjord villfisklag

– Problemet kan ikkje bli meir tydeleg. At ti av tolv fisk ryk på grunn av genetikk, er noko av det verste eg har sett, seier Svein Helge Pedersen, leiar i Hardangerfjord villfisklag.

Han meiner alle varsellampane no blinkar for villaksstammene i Hardanger, og er ikkje nøgd med verktøyet regjeringa har tatt i bruk for å styra utviklinga i oppdrettsnæringa.

– Rømt oppdrettslaks blanda med villfisk

Kraftutbygging, rømming av oppdrettslaks og store smitteutbrot av lakselus, har sett dei sårbare villfiskestammene i elvane under press. Av tolv laks frivillige fekk på stong i Granvinselva denne hausten, hadde ti genar frå oppdrettslaks.

Produksjonsområder for oppdrett

Det betyr at dei er verdilause som materiale i Genbank Hardangerfjord, eit prosjekt som Pedersen er prosjektkoordinator for.

Villfisklaget og frivillige i Hardanger har dei siste tre åra samla inn genmateriale frå 22 truga laks- og sjøaurebestandar. Arbeidet har vore vanskeleg, då fleire fiskestammer er rekna som nær utrydda.

Granvinselva har vore blant dei rikaste og mest stabile vassdraga. Å finna genetisk villfisk i elva, har vore lett.

Men det kan vera i ferd med å endra seg.

– Det er sjeldan me ser så høge tal som åtti prosent. Normalt kan me bruka om lag halvparten av fisken me fangar. Eg kan ikkje hugsa å ha sett liknande før, seier Håvard Lo, forskar ved avdeling for miljø- og smittetiltak ved Veterinærinstituttet.

Stryking av fisk

LAKSEROGN: Rogn og mjølke frå stamfisk i Hardangervassdraga blir lagt i klekkeri og seinare utplassert som yngel i vassdraga. Laksebestanden er tilpassa den enkelte elva gjennom tusenvis av år med utvikling.

Foto: Roy Petter Pettersen / Hardangerfjord villfisklag

Bransjen: – Går glipp av 700 millionar i året

Lenger ut i fjorden, ligg dei første av nærare 150 oppdrettsanlegg i Hardanger-området.

No set regjeringa foten ned – men berre for vidare vekst. Vestlandet, som står for meir enn ein tredel av norsk oppdrettsproduksjon, får ikkje veksa meir. Kampen mot lakselusa må vinnast.

Hans-Inge Algrøy i Sjømat Noreg på Vestlandet har rekna seg fram til at oppdrettsnæringa i Hordaland aleine kan gå glipp av nesten 700 millionar kroner i året.

– Me skulle gjerne ha teke del i veksten som dei opplever lenger nord. Me er samd i at miljøkonsekvensane skal vera avgjerande for vidare vekst, men me skulle gjerne sett at områda våre hadde ein annan farge.

Svein Helge Pedersen

STRYK FISK: Håvard Lo (t.v.) i Veterinærinstituttet og Svein Helge Pedersen i Genbank Hardangerfjord stryk laks som er fanga i Granvinselva.

Foto: Tale Hauso / NRK

Skuffa over mangelen på tiltak

Men «raudt lys» på Vestlandet får ingen konsekvensar for oppdrettsnæringa.

– No har det vore blodraudt i Hardangerfjorden i fleire tiår og det er på tide at det endeleg kjem på papiret. Men me saknar konsekvensane av det. At ein får ei utsetting fram til 2019, synest me er håplaust, seier Pedersen.

Fiskeriminister Per Sandberg

KREV IKKJE REDUKSJON: Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) vil ikkje krevja at oppdrettsnæringa trappar ned produksjonen i raud sone.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

Målet med ordninga er å skapa føreseielegheit for næringa. Det er bakgrunnen for at fiskeriminister Per Sandberg (Frp) ikkje vil krevja nedtrapping av fiskeproduksjonen allereie frå i år.

– Målet er på sikt at alle områda skal vera grøne. Det veit eg at næringa i dag jobbar veldig hardt for å få til.