Hopp til innhold

Framleis 20.000 rømt laks i Hardangerfjorden

Sjølv om berre ein tredjedel av oppdrettslaksen som rømte i Hardangerfjorden i mai er fanga, er Fiskeridirektoratet fornøgd.

laks

STOR RØMMING: 36.600 laks rømte frå oppdrettsanlegget til Linga Laks ved Varaldsøy i Hardangerfjorden i mai. No er 10.000 av dei fiska opp att.

Foto: TALE HAUSO

Fisket etter oppdrettslaks etter den store rømminga frå Lingalaks sitt anlegg ved Varaldsøy i Hardangerfjorden er avslutta.

Det var for om lag tre veker sidan då det gjekk det hol i ei not under arbeidd med avlusing, at laksen rømte.

Av dei over 36.000 fiskane som er på rømmen, er mindre enn ein tredjedel fiska opp att.

Likevel er Fiskeridirektoratet svært fornøgd.

– Det er veldig bra for å vera laks, fordi den forsvinn ganske fort frå rømmingsstaden, seier seksjonssjef i Fiskeridirektoratet, Leni Marie Lisether.

20.000 i Hardangerfjorden

Fleire enn 20.000 oppdrettslaks svømmer dermed framleis rundt i Hardangerfjorden.

– Fisken vil nok gå rund i fjorden ei stund til. Den vil tidlegast trekka opp i elva til hausten. Den svømmer litt opp i vassdraga no, går litt ut og inn for å vaska av seg lus, men det er ikkje meld om noko oppgang enno, seier Lisether.

Må overvaka elvar

Fiskeridirektoratet pålegg no Linga Laks å overvaka og ta ut oppdrettslaks i fleire elvar i Hardanger når den rømte laksen finn vegen dit.

Leni Marie Lisæter
Foto: Privat

– Me er heilt innstilt på å bidra på alle dei måtane me kan for at skadeverknadane av rømt laks skal bli så små som mogleg. Det inneber også overvaking og uttak av laks som går opp i elvane, seier samfunnskontakt i Linga Laks, Kjetil Hestad.


Fiskeridirektoratet har ennå ikkje tatt stilling til om Linga Laks også skal få ei bot.