Fridalen Skole (Arkivfoto: Bergen kommune)
For eitt år sidan løyvde Bystyret ti millionar kroner, men ingenting har skjedd enno.
- Skulen har ikkje blitt målt sidan 1969, og det er merkeleg at skulen ikkje har ramla ned når det er så lenge sidan, meiner FAU-leiar Roald Breistein.
Arbeidet startar i vinter
Oppvekstbyråd Hans-Carl Tveit seier at arbeidet skal starta i vinter.
- Men ein del av arbeidet må me venta til sommaren med å gjera, presiserer han.
Ikkje nøgd
FAU-leiar Breistein er ikkje nøgd før arbeidet er igong.
- Eg tykkjer det er utruleg at eit prosjekt som kostar ti millionar kroner skal ta så lang tid å planleggja, seier han.