NRK Meny
Normal

Svingar seg i verdstoppen

21-åringen Sondre Olsen-Bye er Noregs fyrste europameister i boogie woogie, har ei rekkje medaljar i internasjonale dansekonkurransar og han er mannen bak Europas største boogie woogie-festival.

Han har håret bakover, høge bokser, dobbeltspent jakke, og er lidenskapeleg opptatt av 50-tallsmusikk. Dansetalentet Sondre Olsen-Bye har snart vunne det som er å vinne innan sin sjanger, Boogie Woogie. Dombås er kanskje mest kjent for å ha fostra vintersportsutøvarar som Lars og Tora berger, Johanne Killi og Marcus Kleveland. Men du visste kanskje ikkje at Lesja og Dovre også har norges beste danseteam. 21-åringen frå Dombås har dansa seg til gjeve medaljar rundt om i heile verda, og da boogie-verda kom heim til Dombås var det liten tvil om kven som var stjerna. 
Og når ein samlar 160 elleville boogie-dansarar i eit samfunnshus på Dombås, så blir det liv og røre, til langt på natt.

DANS: Slik såg det ut då Sondre Olsen-Bye og Tanya Georgiievska svinga seg under Boogie Feet's Festival på Dombås tidlegare i august.

– Draumen var å bli fotballspelar, dansen dreiv eg berre med i tillegg, fortel Sondre Olsen-Bye.

Slik vart det ikkje, i staden er fotballskoa byta ut med dobbeltspente dressjakker, bukser med høge liv og bakoverslekt hår. Guten frå Dombås er nå ein av verdas beste boogie woogie-dansarar.

Boogie er ein seks takts swingdans, og i fylgje Olsen-Bye har boogien eit heilt anna spekter enn folkesvingen.

– Eg har jo høyrt at det ser ut som beina går som trommestikker, ler 21 åringen, som er Noregs fyrste europameistrar i boogie woogie, og han har fleire europatitlar i lomma, i tillegg til fleire verdscupsigrar.

Sondre Olsen-Bye

SHOW: Kostyma er ein viktig del av boogie woogie. Sondre Olsen-Bye handlar vintage og har ei rikhaldig garderobe, som blant anna består av over 100 slips. – I konkurranse bør du kle deg opp, i tillegg så trivst eg i dress, eg er oppteke av klede, seier dansaren

Foto: Pinter Adam Cincer / Cincerfoto

Vart teke inn på rekruttlandslaget som elleveåring

Deltakinga i Norske talent saman med Maria J. Øustedal og Cecilie Kappelslåen gjorde at landslaget fekk auga opp for dansarane frå Dombås.

– Dei ville sjå kva vi kunne og vi vart teke inn på rekruttlandslaget rimeleg direkte, fortel Olsen-Bye.

Han var på den tida elleve år, og øvde difor i to år med rekruttlandslaget før han fekk konkurrere i world cup Finland i 2009.

I dag lever dombæsingen av dansinga, og saman med partnaren sin Tanya Georgiievska reiser han Europa rundt og undervisar.

Maria Johansen Øvstedal, Sondre Olsen-Bye fra Dombås vant EM i boogie woogie

SIGER: Sondre Olsen-Bye og Maria Johansen-Øvstedal frå Dombås tok VM-gull i juniorklasse i boogie woogie-VM i 2011.

160 boogie woogie-dansarar til Dombås

Tidlegare i august arrangerte Olsen-Bye Europas største boogie woogie-festival.

– Det er artig å gjere noko der du kjem frå, at det skjer noko på Dombås òg. Det er jo ein liten plass, det er ikkje som ein by, så det er artig å skape litt liv og røre, seier han.

17 nasjonar var representert og alle verdsmeistrane sidan 2011 var blant deltakarane. 160 elleville boogiedansarar i eit samfunnshus på Dombås skapa liv og røre.

– Det har vore heilt fantastisk. Det har gått over all forventning, seier Olsen-Bye.

Og nå som festen på Dombås er over, er det VM som er hovudfokuset for han og dansepartnaren. I oktober sett dei kursen mot Frankrike, målet er meir edelt metall.

Sondre Olsen-Bye er i verdstoppen i boogie woogie-dans

SER MOT TOPPEN: I oktober konkurrerer Olsen Bye og Tanya Georgiievska om ein ny VM-tittel. – Håpet er å klatre opp på toppen att, seier Olsen Bye.

Foto: Jochen Roemling / Beauty in Frames

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND