NRK Meny
Normal

Ny lokaliseringskamp mellom Hedmark og Oppland

630 statlege stillingar skal ut av Oslo og no kastar både Oppland og Hedmark seg inn i kampen om å få Landbruksdirektoratet.

Hagen og Sveen

Fylkesordførar i Oppland og fylkesråd i Hedmark kjempar begge for at Landbruksdirektoratet med over 200 arbeidsplassar skal komme til dei.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

– Vi må jobbe for at det kan komme til Innlandet. Men det må også vere lov å jobbe for eigne kommunar og eigne miljø, seier Fylkesordførar, Even Aleksander Hagen i Oppland.

I februar vedtok regjeringa å flytte 630 statlege arbeidsplassar ut av hovudstaden. Blant dei som kan bli flytta er Landbruksdirektoratet med 225 årsverk. Og nok ein gong blir det kniving mellom Innlandsfylka.

Toten vs. Hamar

Dei to fylka er bestemt på å kjempe for sine kommunar og sine miljø for å få arbeidsplassane. Hagen ønsker direktoratet til Toten og fylkesråd i Hedmark, Per Gunnar Sveen meiner alt ligg til rette for at Mjøsregionen skal huse desse jobbane. Altså Hamar.

– Det har med miljøa våre innanfor jordbruk og skogbruk. Vi har vidaregåande skule, fagskular og eit høgskulemiljø. Det passar eigentleg som hand i hanske, seier fylkesråd, Per Gunnar Sveen.

– Eg trur den som har dei beste argumenta er den som når opp, seier Even Aleksander Hagen.

Dreg i kvar sin retning

Hagen meiner det blir å spekulere om ein skulle seie at dei to fylka hadde stilt sterkare om dei hadde jobba saman om å få direktoratet til Innlandet.

– Hamar sitt utgangspunkt er tilgangen til kompetanse og avstanden til Oslo. Der har Hamar eit fortrinn, seier Per Gunnar Sveen.

Fylkesordføraren i Oppland meiner dei to fylka er blitt flinkare til å samkøyre bodskapa sine når det er rett, men at det er naturleg å fronte sine eigne saker på nokon område.

– Eg skulle ønske vi kunne bruke tid og krefter på heilt andre tiltak for vekst og utvikling enn at vi skal ha geografiske lokaliseringskampar, seier Hagen.

Men landbruksdirektoratet bør ligge på Toten?

– Ja, eg meiner det hadde vore positivt å få det til Oppland, seier han.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Mann pågrepet for drapstrusler

    En mann i 20-årene er pågrepet etter drapstrusler på Hamar.

    Laster Twitter-innhold