Hopp til innhold

Milliardinvestering smør lokalt næringsliv

I Nedre Otta kraftverk er anleggsarbeida i full gang, og aktiviteten skapar ringverknader langt utanfor anleggsområdet.

Borring Nedre Otta

DIREKTØREN i Andrits Hydro er på synfaring i Nedre Otta. Dei har fått kontrakten på å levere turbinar til kraftanlegget.

Foto: Even Lusæter / NRK

Det er uvanleg høg aktivitet i skogen mellom Lalm og Vågå. Det er helikopter i lufta som set ut master, og på bakken dundrar det i dynamitt og tunge anleggsmaskiner.

Anlegget vart opna i oktober, og allereie har dei sprengt ein kilometer med tunnel. Førre veke sprengte dei 42 dynamittsalver i fjellet.

Frp vil ha omkamp om vernede vassdrag

Viktig for lokalt næringsliv

Anlegget er kostnadsrekna til om lag 1,2 milliardar kroner. Slike milliardinvesteringer har mykje å seie for næringslivet, seier Åge Skinstad i NHO Innlandet.

– Det har mykje å seie for lokale entreprenørar som er med på prosjektet, og for handel- og reiselivsbedrifter.

Kraftutbygging Nedre Otta

Anleggsarbeidet er i full gang i Nedre otta kraftverk. Nå har dei skote om lag ein kilometer med tunnel.

Foto: Even Lusæter / NRK

Dei fleste store kontraktane er nå inngått, og Andritz Hydro på Jevnaker fekk ein av dei største. Dei skal levere turbinar og luker til anlegget. Dette er eit stort og viktig prosjekt for oss, seier Kjetil Toverud i Andritz Hydro Norge.

Kontrakten som no er inngått er på nær 300 millionar kroner.

– Dette er svært viktig for oss, men også for våre underleverandørar, seier Tovrund.

Smør lokalt næringsliv

Det går nå føre seg kraftutbygging både i Rosten i Sel, og i Nedre Otta. I tillegg bygger det lokale kraftselskapet Eidefoss ut kraftleidningar som knyter saman båe anlegga.

Sprenging Nedre Otta

Her i Nedre Otta sprenger dei nå rundt førti dynamittsalver kvar veke.

Foto: Even Lusæter / NRK

Dagleg leiar i Eidefoss, Hans Kolden, tykkjer det er spennande tider i kraftbransjen, og han gler seg over at mykje av investeringane går attende til det lokale næringslivet.

På grunn av at ikkje alle kontraktane er landa, kan han enda ikkje slå fast kor stor del det er som går til lokale entreprenørar, men Kolden reknar med at det ligg mellom 25–30 prosent.

– Av dei samla kontraktsummane snakkar vi nok om at rundt 300 millionar går til lokale, avsluttar Kolden.