Hopp til innhold

Landbruksministeren lovar ekstraordinære tilskot til bønder

Jon Georg Dale vil kompensere sauebønder for økonomiske tap etter ulvens herjingar i Hurdal, Gran og på Toten.

Sau drept av ulv i Halden

STORE TAP: Det er ikkje berre tap av dyr som er ei utfordring for bønder. Dei økonomiske konsekvensane i samband med ekstraarbeid har òg vore store.

Foto: Privat

– Nå får vi forhåpentlegvis ikkje fleire skadar, det gjer at vi nå kan konsentrere oss om kva kostnadar som er påført i denne perioden, kva kostnader som er dekt av eksisterande ordningar, og kva som ikkje er det, seier Landbruksminister Jon Georg Dale.

Gleda blant sauebønder i Hurdal, Gran og på Toten er stor etter at fellingslaget fekk inn ein fulltreffar måndag. Dei siste månadene har det som truleg er ei ulvetispe, skadd og drepe 280 sau i området. Nå byrjar arbeidet med å rekne ut kor store ekstrautgifter bøndene har hatt.

Dyrt ekstraarbeid

Tilleggsarbeidet i samband med ulven sine herjingar bli dyrt. Ifylgje GD hadde kostnadane passert ni millionar kroner førre veke.

– Mange har gjerda inn områda rundt på bygda og hatt dyra på alternative beiter heime, og ein del har fått fløtt dei til andre kommunar og leid beiteområde der, fortel nestleiar i Oppland bondelag, Kristina Hegge.

I tillegg kjem utgifter til ekstraordinært tilsyn.

Nestleiar i Oppland bondelag, Kristina Hegge

BER OM PENGAR: Nestleiar i Oppland bondelag, Kristina Hegge håper på ei ordning som dekker utgiftene òg for dei bøndene som ikkje har mista dyr.

Foto: Dag Kessel / NRK

Dekker berre dokumenterte tap

Hegge fortel at det ikkje har vore eit problem å få dekt dokumenterte tap, men at kostnadane er langt høgare enn som så.

– All den tida folk bruker på å sjå etter dette her, og prøve å følgje opp dyra på åsen, det har ikkje vorte dekt. Det er viktig at den ordninga blir utvida til å få dekt all den arbeidstida du bruker på å sjå etter sau heile sommaren, seier ho.

Vil vere fleksibel

Før helga lova landbruksministeren både å ta ut ulven og kompensere bøndene for deira ekstraarbeid.

Landbruksminister Jon Georg Dale

FLEKSIBEL: Etter at beitesesongen har vorte spolert for mange bønder, vil Jon Georg Dale gi kompensasjon.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Når vi nå seier at vi vil sjå oversikt over desse kostnadane, er vi er innstilt på å vise fleksibilitet som vi vanlegvis ikkje gjer, blant anna på beitetilskotet, seier Dale nå.

– Dette er ei erkjenning på at denne belastninga i eit beiteprioritert område har vore så stor at vi må finne fleksible løysingar på det, fortsett han.

Nå ynskjer Dale at bøndene har føreseielegheit nok til at ein fortsett å drive beitebruk.