Hopp til innhold

Landbruksministeren: – Denne ulven skal takast ut

Landbruksminister Jon Georg Dale forsikra beitenæringa om at dei skal sikre dei naudsynte ressursane for å få tatt ut ulven som har forårsaka den håplause beitesituasjonen i Hurdal, på Hadeland og Toten i sommar.

Ulven i Gran

ULVEN: Denne ulven vil Landbruks- og matminister Jon Georg Dale nå ta ut.

Foto: Fellingslaget i Gran

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale kalla forslaga til tiltaka uvurderlege då han møtte beitenæringa fredag.

– Denne ulven skal takast ut. og vi skal stille dei ressursane som er nødvendig, fortsette han.

Møtte fortvila sauebønder

Bakgrunnen for møtet mellom sauebøndene og den politiske leiinga i Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet var tapet av 280 sau i Hurdal, på Hadeland og Toten i løpet av dei siste månadene.

På førehand har sauebøndene kravd at ulven vert teke ut raskare når den beveger seg over i beiteprioriterte område og at bøndene kompenserast for tap og ekstraarbeid.

Vi skal ikkje lide nokon skade på grunn av freda rovdyr, sa Pål Kjorstad i Norsk Sau og Geit før møtet.

Sauekadaver etter ulveangrep i Gran

STORE TAP: I Hurdal, på Hadeland og Toten har ulvens herjingar ført til tap og skadar på heile 280 beitedyr.

Foto: Privat

Beitesesongen øydelagt

Kjetil Ulset i Gran sauebeitelag kravde under møtet forståing for situasjonen sauebøndene står i.

– Alle som er råka må kompenserast. Alle i Gran og Toten beitelag er råka, sa han.

Ulset forklarte at i Gran betyr det at svært mange har heile beitesesongen spolert. Nokon har måtta henta inn at dyra sine frå utmarksbeite og mange har ikkje slept dyra sine i det heile teke.

Lova kompensasjon

Landbruksministeren lova ekstra pengestøtte til bøndene som må halde sauene sine​ heime på grunn av ulven og dermed ikkje får utnytta det rimelege utmarksbeitet.

Dale lover å ta ut ulven

VIL TA GREP: – Det skal ikkje vere ulv i dette området, sa Jon Georg Dale.

Foto: Even Lusæter / NRK

Det har vorte kritisert at klima- og miljøministeren, Vidar Helgesen, ikkje tok turen til møtet. I staden var statssekretær Lars Andreas Lunde i Klima- og miljødepartementet på plass.

Lunde lova òg økonomisk kompensasjon til å dekke dei ekstraordinære utgiftene på grunn av ulven.

– Saka blir prioritert i begge departementa, sa statssekretæren.

Han informerte òg om at dei har teke initiativ overfor både den nåverande og førre regjering i Sverige om forvaltning, men at det ikkje har vore vilje til det Bakgrunnen for forslaget er den felles skandinaviske ulvestamma.

Møte departement og sauenæringa 4.august

MEDKJENSLE: Fylkesmann i Oslo og Akershus, Valgerd Svarstad Haugland, opna møtet med å seier at ho føler med bøndene som står oppe i denne situasjonen kvar dag.

Foto: Elin Fossum / NRK

Flere saker fra Innlandet