– Sjåføren hadde tuta på skiløparane som hadde gått i løypa. Det skulle jo ikkje gå skiløparar midt i vegen, seier Tor Bruland i Skjåk Hytteservice AS lattermildt til NRK.
Det var måndag morgon ved 10-tida han fekk det noko spesielle oppdraget.
Ein bilist stod fast midt i skiløypa, omtrent to kilometer vest for Grotli Høyfjellshotell inn mot Heillstuguvatnet i Skjåk kommune.
Staden bilen hadde vorte ståande var langs det som om sumaren er fylkesveg 258. Men den er stengd om vinteren, og blir da brukt som skiløype for dei mange hytteturistane i området.
– Sjåføren hadde tykt det såg så flatt og fint ut, og hadde nok sete i heilt andre tankar da ho tok til å køyre innover skiløypa.
Ho skulle på hytta på grensa mellom Skjåk og Stryn, og sidan bommen lenger ned mot Grotli hadde vore halvvegs open, rekna ho med at det gjekk an å køyre der.
Men etter to kilometer i skiløypa var det stopp. Da datt venstre side av bilen gjennom snøen, og vart ståande.
Saka vart fyrst omtala i avisa Fjuken og i Gudbrandsdølen Dagningen.
Spesielt oppdrag
Tor Bruland, som driv selskapet Skjåk Hytteservice AS saman med sonene sine, Geir og Leif, fortel at dette nok er det mest spesielle oppdraget han har hatt.
I lag med sonen Leif tok dei åt på kvar sin snøskuter, tok med seg eit par forskalingslemmer og nokre trefjøler. Så fekk vi dradd ho attende og snudd bilen, så ho fekk køyrt ned att til asfaltert bilveg.
– Ho var veldig glad for hjelpa, og lei seg for det som hadde skjedd.
Sjølv om oppdraget var av det spesielle slaget, så fortel Bruland at det faktisk har skjedd noko liknande før.
– Men det er 10–12 år sidan. Han kom ikkje like langt og hadde prøvd å snu.
Men da, som nå, enda redningsaksjonen bra.
– Ho skal nok vere glad for at ho ikkje kom lenger. For det kunne vorte ordentleg trøblete å kome seg ned att frå lenger inne i dalen, seier Bruland.
NRK har prøvd å kome i kontakt med sjåføren, men ho verkar å vere utan mobildekning. Forhåpentlegvis kom ho seg fram til hytta.