Hopp til innhold

Åtvarar mot overfløymingar søndag

Det kan vere lurt å finne fram paraplyen, for på søndag kan det kome kraftig nedbør på Austlandet.

Regnvêr

Finn fram paraplyen viss du skal ut på søndag, da kan det kome opp mot 50 millimeter med regn.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Meteorologisk institutt har sendt ut eit OBS-varsel for Hedmark, Oppland, Telemark og Agder. Mykje regn på kort tid kan gjere at det blir lokale overfløymingar.

Ustabil luftmasse i Sør-Noreg gir eit varierande vêr i helga. Torevêr kan òg følge med regnet søndag.

Statsmeteorolog Per Egil Haga seier at prognosane er noko usikre, men at det på søndag kan kome mellom 40 og 50 millimeter regn. Regnvêret ser likevel ut til å vere forbigåande og søndag kveld ventar ein at det kjem til å vere lettare vêr i området.

Men, seier han: regnvêret kan bli veldig kraftig og skape lokale overfløymingar.

– I tillegg er det varm luft som kjem saman med regnvêret, og den vil føre til auka snøsmelting i fjellet, noko som igjen vil gjere at vassføringa i elvane vil auke, seier Haga.

Han legg til at det er vanskeleg å sette fingeren på akkurat kvar dei verste skurane vil dukke opp, men Meteorologisk institutt overvaker situasjonen gjennom helga.

Det er òg venta at skurane vil føre med seg torevêr, og Norsk brannvernforening har sett opp ei rekke råd for kva ein bør gjera dersom torevêret kjem på besøk.

  • Søk ly innandørs viss mogleg.
  • Trekk ut kablane til elektrisk utstyr.
  • Hald deg borte frå vindauge, opne dører og metallkonstruksjonar.
  • Hald deg inne i bilen viss du er ute og køyrer.
  • Unngå å fylle drivstoff på bil eller båt.
  • Unngå å opphalde deg i småbåt.
  • Viss du badar, bør du kome deg på land.
  • Unngå fjell- og bakketoppar, samt opne sletter.
  • Hald deg unna høge einslege tre.
  • Unngå bruk av paraply i opne landskap utandørs.

Vêrmeldingane har vore vinglete dei siste dagane, men det finns det ein grunn til, seier statsmeteorolog Frode Hassel til Yr.no.

– Det går eit stort skilje mellom varmluft som går oppover Sverige og kaldluft i Nordsjøen. Det gjer luftmassane lite stabile i Sør-Norge. På toppen av dette er det ein egen front som dannar seg i vest, seier Hassel.