Ap satsar 40.000 for å slå Mads Hansen

Fire lokale arbeidarparti satsar knallhardt for å slå «Sommerkroppen». – Er det ikkje heilt vanleg at politikarar lover ting dei ikkje kan halde? spør Mads Hansen.

Ordførerkandidatene for Arbeiderpartiet i Løten, Stange, Ringsaker og Hamar har laget musikkvideo.

Ordførerkandidatene for Arbeidarpartiet i Løten, Stange, Ringsaker og Hamar har laget musikkvideo.

Denne videoen dukka plutseleg opp i NRKs tipsportal, og i medfølgande tekst stod det:

«Årets sommerhit? Ordførarkandidatane i Hamar, Ringsaker, Løten og Stange har stor tro på å slå Sommerkroppen og nå opp på VG-lista.»

Det står att å sjå om låten fyk opp på toppen av VG-lista slik «Sommerkroppen» til Mads Hansen gjorde i fjor.

Men at dei fire ordførarkandidatane sjølv har trua, er det ingen tvil om.

– Ja, klart vi har trua på at det blir ein hit, seier artistane sjølv.

Ordførarkandidatane er Aud M. Riseng (Hamar), Anita Ihle Steen (Ringsaker), Jørn Arild Flatha (Løten) og Nils Amund Røhne (Stange). Alle for Arbeidarpartiet.

– Vi jobbar til dagleg med tunge politiske tema, så da er det fint å vise at det er rom for å vise regionalt samarbeid med song, seier Nils A. Røhne.

Jørn Arild Flatha, Nils A. Røhne, Anita Ihle Steen, Aud M. Riseng

AP-ARTISTAR: Nils A. Røhne, Anita Ihle Steen og Aud M. Riseng.

Foto: Tord K. Skancke

– Låten er for bra

Mads Hansens «Sommerkroppen» nådde 1,2 millionar strøymingar på Spotify på to dagar da låten var utgjeve i fjor vår. Eit år etter har no låten over 21,8 millionar strøymingar.

I skrivande stund har rett over 3500 personar sett AP-musikkvideoen på Youtube, mens under 1000 har strøyma låten på Spotify.

– Problemet med denne videoen og songen er at den er for bra laga. Den er ikkje dårleg nok til at den skal gå viralt, seier Hansen til NRK.

Mads Hansen

SPELLEMANN: Mads Hansen vann Spellemannspris for «Årets låt» i 2018.

Foto: ROBIN BOEE / ROBIN BOEE

Han er heilt klinkande klar på at Aps forsøk på å få fram årets sommerhit ikkje vil funke.

– Eg tykte låten var grei eg altså. Og det er kult at dei går høgt ut og seier dei skal slå Sommerkroppen. Men det gjer dei ikkje med denne låten, og eg trur ikkje dei trur det sjølve heller, seier Hansen.

Men Røhne i Stange Arbeidarparti har framleis tru på låten, sjølv om det foreløpig ikkje ser veldig lovande ut med tanke på talet på strøymingar.

– Utan tru på det ein driv med så er det vanskeleg å kome i mål. Kanskje vi ikkje når toppen av VG-lista, men at songen kjem til å prege valkampen vår er det ingen tvil om, seier han.

VG-lista 2018, Mads Hansen på scenen

SOMMERKROPPEN: Mads Hansen slo «alle» rekordar med låten «Sommerkroppen». Her frå VG-lista-konserten i 2018.

Foto: Tom Øverlie

40.000 kroner

Produsenten bak songen er Tony Alexander Skjevik. Dei fire arbeidarpartia har bladd opp 40.000 kroner for å få songen og musikkvideoen produsert.

– Det er ingen upris for ein slik produksjon meiner eg, seier Nils Amund Røhne.

– Det er veldig mykje meir enn eg brukte på «Sommerkroppen», seier Mads Hansen.

– Passar best for internt kickoff

Dag Inge Fjeld

Dag Inge Fjeld, høgskolelektor ved Høyskolen Kristiania.

Foto: CF-Wesenberg/kolonihaven.no

Dag Inge Fjeld, som er høgskulelektor ved Høyskolen Kristiania, meiner at denne videoen passar best som «indremedisin».

– Denne blir nok ingen stemmesankar for partiet. Eg er samd i at den er for polert og korrekt til å bli ein viral suksess. Men kanskje den kjem til å bli spelt ironisk på nachspiel?

Fjeld har arbeidd i reklamebyråer og trekkjer ofte fram eksempel frå politiske reklamekampanjer i forelesningane sine.

Eitt av dei beste eksempla frå Noreg er etter Fjelds meining det berømte påfunnet frå daverande statsminister Jens Stoltenberg, da han stilte opp i solbriller som «drosjesjåfør».

– Da vart folk minna på kor jovial og morosam Stoltenberg kunne vere, særleg under valkampane – noko som vart burte i den alvorlege statsministerversjonen av han. I ein valkamp er det viktig å vekkje til live noko ein tidlegare har likt. Det påfunnet var heilt genialt.