Hopp til innhold

«Kunstnarhotellet» Breiseth slakta i hotelltest

Dagens Næringsliv har i løpet av dei siste ti åra aldri gjeve eit norsk hotell ein så dårleg score i hotelltesten deira.

First Hotel Breiseth

Hotellet ligg sentralt i Lillehammer, like ved skysstasjonen.

Foto: Lars Bilit Hagen / NRK

Dagens Næringsliv har seks kriterium i si hotelltest, kriteria går frå ein til fem. På tre av kriteria scorar First Hotel Breiseth null. Verken på «rom og seng», «reinhald» eller «pris/kvalitet» får, hotellet midt i Lillehammer sentrum, eitt einaste poeng.

Plasseringa, som er sentrumsnær, er det einaste punktet, der hotellet får over middels, fire av fem poeng. Totalt scorar hotellet ti av tretti poeng i testen. Det er det lågaste avisa har gjeve av poeng dei ti siste åra i ei hotelltest.

Ein trist dag for oss

Kunstnarhotellet

Kunstnarhotellet blir hotellet kalla. Dei har no fått sterk kritikk frå meldaren i Dagens Næringsliv.

Foto: Lars Bilit Hagen / NRK

Hotelldirektør ved First Hotel Breiseth, Hanna Stenberg, seier at det er ein trist dag for alle som arbeider på hotellet.

– Det er ikkje den opplevinga vi ønskjer at våre gjestar skal ha hos oss. Eg opplever ikkje at denne testen er representativ for hotellet vårt. Vi har dedikerte reinhaldsarbeidarar som gjer så godt dei kan i det daglege arbeidet. Samtidig må eg som dagleg leiar ta ansvaret for at rutinane for vasking har vore for dårlege, seier Stenberg.

Støv, tyggis og hår

Blant tinga meldarane fann på romma var hår frå tidlegare gjestar, tyggegummirestar i vindaugskarmen og nedstøva skåp.

Hotellet har lang historie bak seg, bygget er frå 1898, og på inngangsdøra står det «kunstnarhotellet», fordi hotellet har vore kjend for at kunstnarar betalte med måleri før i tida.

DN sin meldar fortsett med at det er ein ting at designen er utdatert, og at det ikkje ser ut til å ha vore pussa opp der sidan OL på Lillehammer. Men at det er verre at reinhaldet ikkje er i nærleiken av å vere god nok.

Stenberg seier no at dei vil bruke denne triste saka til noko konstruktivt.

– Vi skal betre rutinane våre når det gjeld vasking, og gje betre opplæring til tilkallingsvikarar. Det er òg planlagt ei renovering av hotellet, men det er ikkje sett nokon oppstartsdato enno, seier Stenberg.

– Ein trist dag for hotellet

– Dette er ein trist dag for hotellet, seier regiondirektør Johan Appelgren i selskapet Tribe som eig First Hotel Breiseth. Han meiner kritikken ikkje er representativ for den generelle drifta av det tradisjonsrike Lillehammer-hotellet. Likevel tek han testen svært alvorleg og vil gjere alt for at reinhaldet på nytt skal få høg standard.

Appelgren seier at det også ligg føre ein renoveringsplan for hotellet, men at det ikkje er sett nokon dato for når arbeidet startar.

– First Hotel Breiseth er viktig for oss og ligg ideekt plassert i Lillehammer sentrum, seier Appelgren som lover at det skal satsast vidare på hotellet.