Hopp til innhold

Måtte evakuerast med traktor

BISMO (NRK): – Plutseleg vart det som ei elv mellom vegen og huset, seier Torvald (93) og Signe (88) som blei evakuert med traktor i Skjåk søndag.

Ektepar evakuert med traktor i Skjåk

Torvald og Signe Bakken var blant dei som vart evakuert med traktor i Bismo i Skjåk søndag.

Foto: MARIUS FLATMO/KONRAD SOGLO (SKJÅK RØDE KORS/FJUKEN)

Mange hus i Skjåk står under vatn etter at nedbør, snøsmelting og høge temperaturar fylte Ottaelva med meir vatn enn ho hadde plass til.

Utradisjonelle metodar vart teke i bruk for å få alle dei råka ut av byggjefeltet i Bismo sundag.

– Vi vart nøydde til å rømme. Plutseleg vart det som ei elv mellom vegen og huset, fortel Signe Bakken til avisa Fjuken.

Evakuert med traktor

Torvald og Signe Bakken var blant dei som vart evakuert med traktor i Bismo i Skjåk søndag.

Foto: Marius Flatmo/Konrad Soglo (Skjåk Røde Kors)

Ho og mannen fekk kjellaren full av vatn og blei henta av ein traktor som kom heilt inntil hustrappa så dei kunne stige oppi.

No skal dei overnatte på Skjåk turistheim.

Redda ut bunad og foto

Også Grete Hestdal og ungane på 8, 11 og 14 år måtte reddast ut med traktor.

– Sist vi sjekka stod vatnet opp til verandadøra, men hadde ikkje kome inn i huset enda. Men vi reknar med at det skjer når trykket får stått på lenge nok, seier Hestdal til NRK.

Dei har vore inne og redda ut det viktigaste som fotoalbum og bunad. I natt skal dei sove hjå gode naboar som ikkje er råka av flaumen.

Utradisjonell redningstransport vart teke i bruk i Skjåk sundag.

– Heilt surrealistisk

Ella Bøe Mølmen har brukt heile dagen på å redde ut det viktigaste frå huset til mor si.

– Det har runne vatn forbi huset i heile dag. Nå står stua under vatn, så får vi sjå korleis det ser ut når vi kjem oss inn i morgon tidleg. Akkurat nå er det nesten umogleg å kome inn på grunn av straumen i vatnet.

Ella Bøe Mølmen

VATN TIL LÅRA: Ella Bøe Mølmen har brukt dagen midt i alt vatnet i Skjåk.

Foto: Even Lusæter / NRK

Ho fortel til NRK at dei har følgd med situasjonen heile dagen, og har prøvd å redde det som reddast kan.

– Vi har i alle fall fått redda ut katten og trekkspelet. Utanom det veit vi ikkje heilt korleis det går.

Sjølv har ho bygd hus litt høgare over havet, og har sleppt unna vatnet. Nå blir mor med heim for å finne tørre klede og ei seng.

– Det er heilt surrealistisk, og du blir litt i sjokk. Vi tenkjer mykje på dei som bur rundt her.

– Godt å kome unna

Kari og Amund Fosstuen måtte også reise frå heimen sin i Nordberg i Skjåk. Dei er blant dei evakuerte som kommunen har innlosjert på Skjåk Turistheim for natta.

– Det er vatn rundt heile garden, det er som ei stor innsjø. Det er fullt med vatn i kjellaren, og det var så blautt at eg ikkje kunne vere ute. Ungane masa og sa at vi måtte reise, og sjølv om eg ikkje hadde lyst, så var det godt å kome frå, seier Kari Fosstuen.

Kari og Amund Fosstuen

EVAKUERTE: Kari og Amund Fosstuen er blant dei som måtte reise frå heimen sin på grunn av vatnet.

Foto: Hans Andreas Solbakken / NRK

Mindre regn enn frykta

Mange i Skjåk har reist frå heimane sine. Ein del har kommunen skaffa husrom til, andre har ordna seg sjølve. Det er unntakstilstand i fjellbygda, og i morgon blir både skule og barnehagar i Skjåk stengt.

– Grunna flaumen og stengde vegar er situasjonen så uoversiktleg at krisestaben i kommunen har bestemt at skule, SFO og barnehagane skal vere stengt, opplyser dei på Facebook.

Barnehagane vil likevel vere bemanna, men det er ope berre for dei som må på arbeid for å sikre liv og helse i bygda.

Dei siste prognosane frå Meteorologisk institutt seier at det truleg ikkje vil kome meir enn 10 millimeter regn i Skjåk utover kvelden. Det er mindre enn tidlegare frykta, og betyr at det framleis er snøsmeltinga som styrer kor mykje vatn som kjem i elva.

Skjåk er råka av flaum, sjå luftbileta frå områda rundt Ofossen.

Skjåk er råka av flaum, sjå luftbileta frå områda rundt Ofossen.

– Unngå elva når vatnet går ned

Tore Leirvik frå NVE er i Skjåk og følgjer situasjonen nøye. Han er imponert over måten kommunen har takla den vanskelege situasjonen. Han ber folk vere forsiktige også når vatnet går ned att.

– Det skjer ofte ras og skred etter at den verste flaumen er over. Så vi må be folk vere forsiktige og halde seg unna der det har vore mykje vatn, seier Leirvik.

Han fortel at dei følgjer nøye med situasjonen vidare nedover Ottaelva og Gudbrandsdalslågen, men at det foreløpig ikkje er meldt om store problem.