Hopp til innhold

16 husstandar evakuert – helikopter reddar ute isolerte hyttefolk

BISMO (NRK): Helikopter frå Forsvaret reddar ut evakuerte folk frå flaumen i Skjåk. – Eg vil kalle dette eit katastrofeområde, seier ordførar Elias Sperstad.

16 BUSTADER EVAKUERT: Skjåk er vanlegvis Noregs tørraste kommune. Nå står mykje av den under vatn.

Store delar av kommunesenteret i landets tørraste kommune står under vatn. Høge temperaturar, nedbør og snøsmelting fører til at Ottaelva har gått over sine breidder i Skjåk.

Eit helikopter frå Forsvaret er nå kalla inn for å hente ut personar som sit fast i eit hytteområde der vegen er stengd.

Forsvarets helikopter på plass i Skjåk

GRØNN HJELP: Litt før klokka 17 kom eit helikopter til Skjåk for å hjelpe til med evakueringa.

Foto: Hans Andreas Solbakken / NRK

– Det er om lag 22 personar i området ved Sota og Mysubytta som ikkje kjem seg ut fordi ei bru har reist. Desse vil nå bli henta ut. I tillegg er det ein person i eit anna område som blir henta ut, seier ordførar i Skjåk Elias Sperstad.

Samtidig har bebuarar i 16 hus fått beskjed om at dei må forlate heimane sine. Dei blir anten teke hand om av kommunen eller skaffar seg overnatting på eiga hand.

Stenger skular og barnehagar

Skule og barnehagar i Skjåk blir stengt i morgon, måndag.

– Grunna flaumen og stengde vegar er situasjonen så uoversiktleg at krisestaben i kommunen har bestemt at skule, SFO og barnehagane skal vere stengt, opplyser kommunen.

Barnehagane vil likevel vere bemanna, men det er ope berre for dei som må på arbeid for å sikre liv og helse i bygda.

Dei siste prognosane frå Meteorologisk institutt seier at det truleg ikkje vil kome meir enn 10 millimeter regn i Skjåk utover kvelden. Det er mindre enn tidlegare frykta, og betyr at det framleis er snøsmeltinga som styrer kor mykje vatn som kjem i elva.

Søndagen ble dramatisk for folk i Skjåk. Grete Hestdal og barna får ikke komme inn i huset sitt på grunn av vannmassene. NRKs reportasjeteam møtte Hestdal, og Ella Bøe Mølmen som er blant de evakuerte.

Vakna med vatn i gangen

21 år gamle Pia Forberg var ei av dei som måtte forlate heimen da vatnet etter kvart stod heilt opp til glaskarmen.

– Eg vakna i dag tidleg. Huseigaren ringde meg og spurde om det var vatn i leilegheita hjå meg. Da eg sjekka i gangen var det masse vatn der. Det er heilt tragisk, rett og slett, seier Pia.

Pia måtte rømme huset da vatnet plutseleg stod opp til glaskarmen. Vi var med da ho redda bunaden.

Pia måtte rømme huset da vatnet plutseleg stod opp til glaskarmen. Vi var med da ho redda bunaden.

Også store delar av industriområdet i Bismo står under vatn. Hjå firmaet Glasitt, som lagar fyllingsmasse av resirkulert glas og luft, har vatnet teke med seg delar av lageret.

– Det er ganske dramatisk, men produktet vårt er lettare enn vatn, så vi kan nok kanskje samle opp delar av dette når vatnet har trekt seg attende, fortel utviklingssjef i Glasitt, Svein Lund.

Store delar av Bismo står under vatn
Foto: Politiet
Ottaelva har gått over sine breidder og inn i byggjefeltet i Bismo i Skjåk.

Elva stig

Riksveg 15 er stengd ved Nordberg og Skamsar bru, og kjem ikkje til å bli opna att i dag. Statens vegvesen anbefaler å køyre E16 over Filefjell eller E136 om Romsdalen i staden.

Klokka 16 fortalde ordførar i Skjåk, Elias Sperstad, at vatnet framleis steig i Bismo. I fjellet lenger vest, ved Breidalsvatnet, hadde dei fått indikasjonar om at vassmengdene var på veg til å stabilisere seg.

– Det er vanskeleg å seie kva tid dette vil slutte. Det viktigaste for oss er å halde oppe beredskapen, ta vare på liv og helse og gjere det beste ut av situasjonen som har råka folk i Skjåk. Det er mange som er råka, dessverre. Eg vil kalle dette eit katastrofeområde akkurat nå.

Flom på Innlandet og Vestlandet

Flere saker fra Innlandet