Hopp til innhold

Slik ser Noregs nye veg til Russland ut når mørket fell på

Det har kosta 800 millionar kroner og tatt seks år å bygge. I morgon opnar den nye vegen frå Noreg mot Russland – med symboltung snorsamanknyting.

Nye Bøkfjord bru

Slik ser den nye brua over Pasvikelva ut når mørket fell på. Den 284 meter lange brua er lyssett av blått lys – ein farge som går igjen i kunst fleire stader langs den nye vegen.

Foto: bernt@nilsen.as

Det blå lyset går igjen fleire stader i naturen langs den nye 9,5 kilometer lange vegen fram til den norsk-russiske grensa på Storskog.

Russisk minister kjem

I morgon er det offisiell opning av nye E105 – ein veg som strekk seg frå Bjørkheimkrysset i Sør-Varanger og går gjennom heile Russland og Aust-Ukraina før den stoppar i byen Jalta på Krim.

Den russiske transportministeren Maksim Sokolov og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen skal ikkje klippe snora – dei skal knyte den saman.

– E105 er ein grenseveg i Noreg og ein viktig veg i Barents-området. Det at vegen no er ferdig utbetra er eit synleg resultat av det samarbeidet som går føre seg i nord, og me ønskjer å markere dette. Me er sjølvsagt særs glade for at den russiske ministeren ønskjer å vere med på denne opninga, seier Oddbjørg Mikkelsen, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Velsigning frå aust og vest

Når den nye vegen som knyt Noreg og Russland saman i nord opnar i morgon skjer det med velsigning av den russiskortodokse metropolitten av Murmansk og Nord-Hålogaland-biskop Olav Øygard.

For ingenting er tilfeldig når det skal markerast at to naboar i nord saman har bygd 250 kilometer med ny veg mellom Kirkenes og Murmansk.

På norsk side er det brukt i overkant av 800 millionar kroner på oppgradering av eksisterande veg, ny trasé og tunnel og bru over Pasvikelva.

På russisk side har styresmaktene brukt store summar på utbetring av strekningen frå Murmansk fram til grensestasjonen på Borisoglebsk. På får år er reisetida mellom Kirkenes og den russiske arktiske hovudstaden redusert kraftig, og er no nede i rundt tre timar langs veg.

Kakefest på brua

Statens vegvesen lover ei spektakulær opning av vegen i morgon klokka 10:30.

– Folk får nok oppleve ting ein ikkje har opplev d før. Det vert kaffi og kake til alle som kjem. Folk får også lov til å gå ut på brua – noko du ikkje kan gjere etter at vegen er opna, seier Mikkelsen.