Rettssak i dag

I dag startar rettssaka til ein mann frå Vest-Finnmark som er tiltalt for å skaffe seg, innføre eller eige bilete og videoar av framstillingar av overgrep mot barn. Statsadvokatane meiner den tiltalte fram til sommaren 2016 lasta ned og lagra videoar med framstillingar av seksuelle overgrep mot barn, i tillegg til bilete som framstilte born på ein seksualisert måte.