4. november skal Eirik Lyng frå Alta stå på scenen med egen låt og kjempe om å bli vinnaren av MGPjr 2017.
Den sjølvskrivne songen har fått tittelen «Her for deg», og handlar om nettopp det å vere der for ein annan.
– Den handlar om kjærleik, om det å vere der for ei jente, forklarer han.
Eirik sende inn songen i ein pianoversjon, men korleis den endelege versjonen som blir spelt i finalen i november blir, er enda ikkje sikkert.
– Eg skal i studio i Trondheim og spele inn låten. Der vil vi sjå korleis den blir produsert. Eg ser for meg noko litt pop-aktig, seier Eirik, som i spelelista har musikk frå blant anna Sondre Justad, Astrid S og Bruno Mars.
Blei overraska på teaterøving
Fredag klokka 15 blei årets finalistar offentleggjorde, men allereie for ei veke sidan, fekk Eirik vite at han er med i MGPjr 2017. Beskjeden kom i form av ei overrasking frå Akutteateret, teatergruppa han er ein del av.
– Eg var på øving og vi skulle byrje med litt oppvarming. Det var nokre som filma med kamera der, men dei sa dei berre skulle filme øvinga.
– Så byrja vi oppvarminga. Leiar av Akutteateret tar tonen på piano, reiser seg opp, og då byrjar alle å synge refrenget på låten mi!
Då foreldra og broren kom inn døra byrja Eirik å legge saman to og to, og det gjekk opp for han at han er med i MGPjr-finalen i november.
I tillegg til Eirik frå Alta er det med deltakarar frå Nordfjordeid, Oslo, Lillestrøm, Sparbu, Rissa, Fredrikstad, Bergen og Bø i Telemark.
Alta-guten har skrive låtar før, men då i samarbeid med andre. Når han skriv låtar bruker han å få ein idé i hovudet, skriv den ned, for så å legge til akkordar på piano.
– Så lager eg eit utkast som eg byrjar å finpusse på, seier han.
Markus og Martinus og To små karar er blant kjente namn som har starta i MGPjr-konkurransen. Eirik håpar sjølv å kunne halde på med musikk framover.
– Eg har alltid tenkt at eg har kjempelyst å leve av musikk og ha ein liten karriere.
Men foreløpig er Eirik stornøgd med å vere blant dei 10 bidraga som er blitt valt ut til årets finale.