NRK Meny

Kautokeino med sky-rekord

Kautokeino har hatt mest overskya vêr i Norge dei siste 30 åra, det viser ei undersøking frå Nettavisen. Avisa har samla inn vêrdata frå 30 år tilbake, og undersøkt kven som har fått mest sommarsol i Norge. På toppen troner Sandefjord, som har mest soldagar. På botnen av lista ligg Kautokeino, som har hatt mest overskya vêr i landet.