Kartlegging av kongeørn

Norsk institutt for naturforsking (NINA) har jobba med å kartleggje utbreiinga av kongeørn i Finnmark, det skriv ifinnmark.no. Instituttet har brukt helikopter i arbeidet, og har sett på blant anna hekkesuksess hjå fuglane. Bakgrunnen for prosjektet er konflikten mellom reindrift og kongeørn. Deler av resultata frå arbeidet vil offentleggjerast til hausten, seier prosjektleiar Karl-Otto Jakobsen til avisa.