Hopp til innhold

Kafé brann ned i natt

Kafébygg i Syltefjord brann ned i natt.

Stauran Kunst og café
Foto: Arnstein Jensen / NRK

Naudetatane rykka i natt ut etter melding om ein brann i ei bygning i Syltefjord.

Laster Twitter-innhold

Østfinnmark politidistrikt opplyser til NRK at bygget som brann var eit kafébygg, og at det no er nedbrent.

Stauran Kunst og Café, betre kjent som Kafé Rekved, blei bygd av rekved frå 1.100 russiske tømmerstokkar. Dei blei for 26 år sidan funne i fjæra i den vesle bygda Syltefjord i Båtsfjord kommune. Det var ein kafé litt utanom det vanlege, og eigaren Vidar Nordberg kalla det «Norges mest ulønnsame kafé».

  • Her kan du sjå video frå da NRK besøkte kafeen for eitt år sidan:
    I den fraflytta bygda Syltefjord i Båtsfjord kommune ligger det som eieren selv mener er Norges mest ulønnsomme kafe. 
Den er bygd opp av russisk tømmer han har samlet i fjæra. I år er det 25 år siden han første gang åpnet dørene: