Hopp til innhold

I tog for norsk-russisk vennskap

Grenseklubben «Dialog» med tilreisande russarar var blant dei mange hundre i borgartoget i Kirkenes på 17. mai.

Grenseklubben "Dialog" på 17. mai-feiring i Kirkenes

VENSKAP MOT AUST: Grenseklubben «Dialog» stilte sterkt i årets 17. maifeiring i Noreg.

Foto: Amund Trellevik, NRK

For andre året på rad fekk det tradisjonelle borgartoget i Kirkenes besøk av sine russiske naboar frå byane Nikel og Zapoljarnij

Grenseklubben «Dialog» stilte mannsterke, og var blant mange parolar i paraden, som gjekk gjennom sentrumsgatene seint søndag ettermiddag.

Symbolverdien var utvilsamt stor, i ei tid med eit vanskeleg politisk klima mellom aust og vest, med vestlege sanksjonar mot Russland.

Sjå fleire bilete frå feiringa i Kirkenes nedst i artikkelen

Snø i lufta

Politiet leda an i toget, og etter uniformskledde soldatar frå Garnisonen i Sør-Varanger var det meste som kan krype og gå av idrettsklubbar, organisasjonar og foreiningar representert.

Sjølv for Kirkenes var årets feiring av det uvanleg kalde slaget. Men to lette grader og snø i lufta la ikkje nokon dempar på stemninga. Russen var blant dei som gjorde seg høyrt i toget, òg som kunne vise til heile to musikkorps.