Hopp til innhold

Flyavgang utsett grunna sjeldan vêrfenomen

Vêromslaget har gitt flyplassen i Alta eit uvanleg problem. Ein flyavgang er derfor utsett på ubestemt tid.

SK4545

Dette flyet, SK4545, skulle ha tatt av frå flyplassen i Alta klokka 14.40 i dag. Men flyet er fleire timar forseinka grunna underkjølt regn, eit fenomen som er svært sjeldan så langt nord i landet.

Foto: Tipsar

– Det kjem regn som frys når det landar på bakken. Dette opplever vi svært sjeldan her. Eg veit ikkje kor ofte det har skjedd, men det er i alle fall ikkje oftare enn éin gong i året, fortel Knut Dahl, product manager i Widerøe Ground Handling i Alta.

SAS-flyet skulle ha tatt av klokka 14.40 med Oslo som destinasjon. Men avgangen er utsett i fleire timar – og det er enno ikkje klart når flyet kan ta av. Grunnen er underkjølt regn.

Tidleg ettermiddag var det seks minusgradar og regn som førte til problema.

Knut Dahl

– At eit fly ikkje kan ta av frå Alta grunna underkjølt regn er svært uvanleg, fortel Knut Dahl, product manager i Widerøe Ground Handling.

Foto: NRK

– Uvanleg i Alta

Ifølgje passasjerar på flyet NRK har snakka med uttala kapteinen at han ikkje hadde opplevd noko liknande på 40 år. NRK har ikkje fått tak i kapteinen så langt.

– Kapteinen har kanskje ikkje opplevd liknande, men det har vi. Vi har også opplevd 15 minusgradar og regn, fortel Jens-Martin Nerdal, fungerande lufthamnsjef i Alta.

Ifølgje informasjonssjefen i SAS, Knut Morten Johansen, er ikkje underkjølt regn uvanleg i sørlegare strøk. På Gardermoen har dei til dømes investert i svært dyrt utstyr som kan føne vekk underkjølt regn.

– Norge er eit langt land med mykje forskjellig vêr. Underkjølt regn er ikkje uvanleg, men det er uvanleg i Alta midt på vinteren, seier Johansen til NRK.

Knut Morten Johansen

– Fenomenet er vanleg i sørlegare strøk, men ikkje så langt nord som Alta, seier Knut Morten Johansen, informasjonssjef i SAS.

Foto: Pressefoto SAS

– Går utover bremsene

Underkjølt regn kan hindre flyavgangar på ulike måtar. Ifølgje informasjonssjef Johansen kan underkjølt regn til dømes gå utover rotorblada i motoren.

Innsida av flyet

Slik såg det ut frå innsida av flyet som skulle ha tatt av frå Alta klokka 14.40.

Foto: Tipsar

I Alta i dag er utfordringa at det underkjølte regnet går utover bremseeffekten på flyet, forklarer Knut Dahl.

Då NRK snakka med Dahl i 16-tida måndag hadde nyleg eit Widerøe-fly tatt av frå lufthamna i Alta. Temperaturen låg då på fire minusgradar.

Målet er å få av garde SAS-flyet til Oslo om ikkje mange timane.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark