Hopp til innhold

Fiskebåt blei totalskadd i brann

Ein fiskebåt blei totalskadd i ein brann i Nuvsvåg i Loppa i natt.

Nuvsvåg

110-sentralen fekk melding om ein brann i ein fiskebåt i Nuvsvåg i Loppa i halv sekstida i dag tidleg. Mannskap blei sendt til staden slik at brannen blei slokka.

Båten blei totalskadd i brannen.

Runar Corneliussen hos 110-sentralen seier dei fekk slokka brannen raskt.

– Men ein kan jo ikkje pøse på med vatn, for da søkk båten. Så vatnet du brukar for å sløkke, må du pumpe ut. Men vi fekk i alle fall slått ned det verste, seier Corneliussen.

Det er førebels ikkje sikkert kva som var årsaka til brannen.

Corneliussen opplyser at politiet no vil etterforske kva som har skjedd.

Det skal ikkje ha vore nokon om bord da brannen starta.