NRK Meny
Normal

Festbråk, falsk ID og hærverk på bilar

Politiet i fylket har hatt nok å gjere den første helga i juli.

Politibil i Oslo
Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Som vanleg er for ei sommarhelg, har mange vore ute på vift den første helga i juli. Det meste har nok gått roleg og fredeleg for seg, men enkelte episodar har det vore.

Politiet i Finnmark fekk natt til søndag inn fleire meldingar om festbråk, både i Hammerfest, Honningsvåg, Kirkenes og Berlevåg.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

I Lakselv laga ein person kvalme på ein uteplass og knuffa til den eine dørvakta, og vil bli meldt til politiet, skriv politiet på Twitter.

I Alta brukte ein person falsk ID på byen, og politiet opprettar sak på forholdet.

Ein annan altaværing brukte natta si på å lage bråk i sentrum, i tillegg til å gjere skadeverk på bilar. Vedkommande blei vist bort frå byen og patruljen oppretta sak på forholdet.

Politiet i Alta fekk også i natt melding om ein bil som køyrde over ein hage og krasja i ein garasje. Patruljen søkte etter bilen og fann etter kvart både bil og førar, melder politiet på Twitter.