NRK Meny
Normal

Dei første cruiseturistane på plass i Hamnbukt

Lakselv musikkorps ønskte passasjerane på «Empress» velkommen til Hamnbukt, til det som blir Porsanger sitt første oppdrag som snuhamn.

Hamnbukt tar i mot sine første cruisepassasjerer som snuhavn. Passasjeren fra skipet Empress ble møtt med korpsmusikk.

- Det er akkurat dette marknaden spør etter, korte ukesbesøk.

Det seier Fred Persen i Northcape turnaroundport. Han seier at den einaste måten å gi cruisemarknaden det den vil ha er ved hjelp av snuoperasjonar som den i Porsanger.

- Det vil seie å fly inn turistane, bytte turistane på båten ved hjelp av ei nærliggande lufthamn. Det kan berre gjerast ein plass i Finnmark, og det er her, seier han frå kaia i Hamnbukt.

Det er ein gigantisk logistikkoperasjon som skal gjennomførast i løpet av dagen. 3600 passasjerar skal fraktast til og frå cruiseskipet som kom til Hamnbukt klokka seks laurdag morgon. Halv eitt byrjar flya å kome til Lakselv lufthavn, og då kjem dei med ein times mellomrom fram til laurdags kveld.

1900 koffertar skal fraktast til flyplassen og forhåpentlegvis ende på riktig fly.

- Målet mitt er at alt skal gå trygt for seg og at vi held tidsfristane, og at turistane har ei god oppleving frå Porsanger, seier Persen.