Hopp til innhold

– Vi inviterer alle til brannstasjonen for å sjå kva vi gjer

– Dei minste likar vatn veldig godt, hinderløypa er populær og det å få sitje i brannbil er stas, fortel Marit Wisløff. Denne veka har det vore Brannvernuka 2017 og det heile vert avslutta med open dag på brannstasjonar over heile landet.

Branndag i Alta

LÆRER OM BRANNSIKKERHEIT: Amanda Åsland (5) og Josefine Greiner (4) saman med Marit Wisløff og Knut Suhr. – Det var spennande då brannbilen rykka ut, fortel jentene.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– På open dag kan alle besøk oss på brannstasjonen. Samstundes har vi eit fokus på nasjonal brannøving. Målet er at fleire skal ha brannøving heime og setje fokus på brannsikkerheit, fortel Marit Wisløff.

Ho er branningeniør i Alta brann – og redningskorps. Wisløff har vore ansvarleg for arrangementet i Alta 10 år på rad.

– Vanlegvis kjem det rundt 500–600 besøkande. Vi har 500 raude hjelmar som skal delast ut. Vi får sjå kor mange vi har igjen når dagen er ferdig.

To som har fått hjelmar er Amanda Åsland (5) og Josefine Greiner (4). Dei synast det er artig å få møte dei tilsette på brannstasjonen.

Branndag i Alta

STAS: For barna er det stas å få sitje i brannbilane på open dag. – Men det eg likar best er å sprute med vatn, fortel Frikk Johnsen (3).

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Informerer om brannsikkerheit

Brannvernuka er ein landsomfattande informasjonskampanje som blir arrangert av Norsk brannvernsforeining, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og If Skadeforsikring.

Sidan 2002 har store og små blitt invitert til open dag på brannstasjonar rundt om i landet, frå Mandal i sør til Longyearbyen i nord. Ein av dei 350 opne brannstasjonane i dag er den i Alta.

Åpen dag på brannstasjonen i Alta

OPEN DAG: Dei minste barna likar å sitje høgt i brannbilen.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Vi har ei kunnskapsløype med forskjellige spørsmål om brannfarar. Siste spørsmål er om dei skal ha brannøving i år. Vi deler ut informasjon til foreldra om korleis dei skal arrangere dette, seier Wisløff.

– Korleis skal dei gjere det?

– Ein må først planlegge litt og finne svar på nokre sentrale spørsmål: Kvar har vi møteplass? Kvar er rømmingsvegane? Kva gjer vi dersom det begynner å brenne? Til små barn seier vi at dei skal vere på rommet sitt til foreldra hentar dei. Større barn må springe ut, medan vaksne og ungdom må eventuelt prøve å sløkkje brannen, fortel Wisløff.

Ho legg til at det viktigaste er å få ungane ut.

Branndag i Alta

DELER UT HJELMAR: Alle barna som kjem til brannstasjonen i Alta får ein raud hjelm. Her er det brannsjefen Knut Suhr som delar ut hjelmane.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Komfyr står for flest brannar

Barna får ikkje prøve seg på flammar, men dei som arbeidar ved brannstasjonen demonstrerer brann i frityrgryte. Då står alle på god avstand.

– Då må ein legge på eit lokk, og få dratt vekk gryta. Det verste er å byrje med vatn. Då kan ein få ei kjempe stor eldkule. Det kan ta fyr i ventilatoren, vegger, tak og gardiner. Pluss at personen kan pådra seg brannskadar.

Ein bør vere ekstra obs på komfyren. Den står for flest brannar.

– Det vi rykk mest ut på er komfyrar. Det er den største årsaka til enkeltståande brann i heimar. Vær forsiktig på kjøkkenet.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark