Hopp til innhold

– Det handlar om å ta vare på historia vår

Gamle, glinsande, og påkosta veteran-snøskuterar samla entusiastar til treff i Finnmark.

Gamle, glinsande, og påkosta veteran-snøskuterar samla entusiastar til treff i Finnmark.

– For min eigen del handlar det om å ta vare på ein del av historia vår, som snøskuteren er. Alle som er her i dag har eit forhold til dei gamle snøskuterane, seier arrangør Jørn Losvar frå Alta Veterankjøretøy foreining om laurdagens treff i Langfjorden.

Krev tid og pengar

Jørn Losvar

Jørn Losvar frå Alta Veterankjøretøy foreining.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Her er det scooterar som har overlevd den harde bruken frå sekstitalet og fram til i dag, men mange av dei me ser her har vore gjennom omfattande restaurering, seier Losvar.

Han beskriv ein tidkrevjande jobb for å få veteranane i stand, både med lakkering, pussing og jakt på delar som må bytast ut.

– Dette tek hundrevis av arbeidstimar og mykje pengar, seier han.

Men han meiner likevel det er ei strålande investering.

– Heilt sidan sekstitalet har snøskuteren vore ein del av folk sine liv i Finnmark. Her har me samla skuterar du ikkje ser lenger, men dei var eit vanleg syn før i tida. På dette viset får dei kome til live og syne på nytt.

Larven veteranskuter
Foto: Ksenia Novikova / NRK

Eig 20 skuterar

– Dette er eigentleg berre ein motor og eit belte. Du må ha ski på beina for å køyra denne, forklarer ein stolt eigar Gøran Kristoffersen på ein litt spesiell doning.

– Det ein svensk skuter, og det finst nok ikkje så mange av dei, trur han.

Interessa hans vakna for ti år sidan, då han fekk sin første veteransnøskuter. Snart var lidenskapen eit faktum, og i dag har han 20 «gamlingar» i stallen sin. Men dei nyt ikkje alle ein sprek alderdom.

– Mykje av det eg har er ikkje køyrbart. Eg har vel 12–13 stykk som er i køyrbar stand.

Veteranskutertreff

Gøran Kristoffersen eig 20 skuterar.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Kjekkast å køyra

– Gubben dreiv med skuter, så eg blei dregen med på lasset. Men eg sit ikkje og skrur i garasjen altså, understrekar Anne Grete Lillemoen frå Alta.

– Det er kjekkare å køyra, skyt venninne og turkamerat Tove Helen Johansen frå Mo i Rana inn, til umiddelbar bekrefting.

– Det er heilt fantastisk å vera her. Flott stemne og flotte folk!

Veteranskutertreff

Tove Helen Johansen og Anne Grete Lillemoen på skutertreff.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Og folk blir det tydelegvis fleire og fleire av for kvart år dei arrangerer treffet, ifølge ein strålande nøgd arrangør.

– Første gongen var det berre fem skuterar som stod her i snøvêret. I dag har me samla 49 veteranskuterar her, samt masse trivelege folk, seier ein smilande Losvar.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark