Hopp til innhold

Villrein­område herja av snø­skuterar to veker før kalving

– Alvorleg, seier Statens naturoppsyn. Dei har meldt 87 tilfelle av ulovleg skuterkøyring i vinter. Eitt skjedde to veker før kalving for reinen.

Ulovleg skuterkøyring på Vikafjellet

SPOR: Det dukka opp fullt av snøskuterspor ved Dueskaret på Vikafjellet i Vestland fylke tysdag 16. april.

Foto: Kristoffer Ullern Hansen / SNO

Vinteren og våren er den mest sårbare tida for ville dyr og fuglar.

Likevel ser Statens naturoppsyn (SNO) at stadig fleire køyrer snøskuter der dei ikkje skal.

Tysdag var Kristoffer Ullern Hansen i SNO på kontroll i eit villreinområde på Vikafjellet. Der vart han møtt av synet av ein kvadratkilometer med spor frå ulovleg skuterkøyring.

– Det ser vi veldig alvorleg på, særleg sidan det er knappe to veker før kalving. Du kan eigentleg hake av på alt som er skjerpande her, men det speler sikkert inga rolle for gutane som køyrer, seier han.

Ulovleg skuterkøyring på Vikafjellet

Spor frå det SNO meiner er ulovleg snøskuterkøyring på Vikafjellet.

Foto: Kristoffer Ullern Hansen / SNO

Det er ifølge Hansen fire personar som har køyrt i dette området i ein lengre periode, seinast søndag kveld, den 14. april. Snøskuterkøyringa i helga føyer seg inn i rekka av tilfelle med ulovleg skuterkøyring.

Sårbar villrein

Området der snøskuterspora dukka opp er eit trekkområde for villrein.

Tidlegare har NRK også skrive om at det står så dårleg til med den norske villreinen av regjeringa tidlegare i vår la fram 50 tiltak for å beskytte han.

I teorien skal ein freda flokk doble seg etter tre år. Det har ikkje skjedd på Vikafjellet, sjølv om flokken der har vore freda dei siste fire åra.

Det fortel leiar Hildegunn Mugås i Fjellheimen villreinutval.

Fjellheimen villreinområde

Kartet viser Fjellheimen villreinområde, som strekker seg over Vik, Voss, Modalen, Vaksdalen, Høyanger og Aurland i Vestland.

Foto: Fjellheimen villrein

På denne tida av året er reinen særleg sårbar, fordi simlene er på slutten av drektigheitstida si – dei skal kalve i starten av mai.

– Om dei vert forstyrra og stressa då, kan det gi kalvane ein dårleg start på livet. I verste fall kan det føre til at simlene kalvar for tidleg og at kalvane døyr, seier Mugås.

Ho understrekar at all forstyrring vil vere kritisk, frå skigåarar så vel som snøskuterar.

– Ser ein reinspor i fjellet no, bør ein legge om ruta. Reinen ønsker ikkje kontakt med menneske.

87 melde for lovbrot

Før påska gjorde fleire meldingar om ulovleg køyring at Miljødirektoratet varsla om auka kontroll.

Sidan 1. november 2023 har SNO gjennomfør 591 kontrollar totalt i Noreg. Det har resultert i 93 avvik, altså der SNO meiner at skutekøyrarane har brote reglane for kvar ein kan drive såkalla «rekreasjonskøyring».

87 av desse har vorte melde til politiet.

Snøskuterkjøring i utmark blir dokumentert av SNO.

Snøskuterkøyring i utmark blir dokumentert av SNO.

Foto: SNO/Miljødirektoratet

Same kveld som Hansen var på kontroll på Vikafjellet, kontrollerte SNO eit område i Øvre Dividalen nasjonalpark i Troms.

Det enda med at to personar vart melde for brot på naturmangfaldsloven etter å ha køyrt snøskuter frå Sverige og inn i nasjonalparken.

At det har føregått «herjing» den siste tida, har gjort ein allereie konfliktfylt debatt rundt motorferdselslova ennå meir betent. Den 21. mai i år skal eit regjeringsoppnemnd utval legge fram nye snøskuterreglar.

ulovleg skuterkøyring på Vikafjellet 3

Her har skuterkøyrarane leika seg på Vikafjellet.

Foto: Kristoffer Ullern Hansen / SNO