Annonsene og avisskriveria om selskapet den siste tida har gjeve ein voldsom respons, og God Invest set igong verksemder både på Vestlandet, Austlandet og på Sørlandet. Selskapet har kjøpt seg inn i rundt 30 selskap innafor fiskeoppdrett, eigedom, IT og media og er igong med den tredje aksje-utvidinga, og aksjeverdien har heile tida stige.
God Invest er, som andre investeringsselskap, basert på profitt og aksjeutbyte til aksjonærane. Men vedtektene seier i tillegg at ti prosent av overskotet i selskapet skal gå til direkte misjon. Slik lokkar God Invest til seg både folk som vil tene pengar og folk som vil gje pengar til misjonen. I tillegg skal selskapet hjelpe kristne forretningsfolk igang med næringsverksemd. Og det er styret sjølv som avgjer aksjekursen, på bakgrunn av korleis styreformannen og dagleg leiar har vurdert verdien i selskapet.
Styreformannen som vil gjere profitt til Guds ære er ikkje nokon typisk næringslivsleiar. Agnar Ulstein var aktiv fagforeiningsmann i ti år, og har nettopp slutta som lokal LO-leiar. Då han var 13 år og starta eige avbetalingsbyrå...
”Gud & Mammon A/S” fortel historia om God Invest AS, om korleis Agnar Ulstein og eit par kameratar på Sunnmøre fekk ideen til det unike selskapet, korleis leiinga jobbar og korleis styret fastsett verdien på aksjane.
GUD & MAMMON A/S
Ein radiodokumentar om Bibel og business og profitt til Guds ære.
Av Rune Bjåstad.
Tekn. regi: Kåre Johan Lund.