Paolis vart fødd i Latvia i 1902, men seilte på norske skip frå før andre verdskrig til han gjekk i land i 1966. Etter eit langt liv som sjømann, busette han seg i Oslo og fekk norsk statsborgarskap.
Odd og Paolis møtte kvarandre i 1972, og utvikla etterkvart eit nært venskap. Men Paolis snakka sjeldan om fortida si i Latvia. Ingen visste noko om slektningane hans då han døydde i 1991. Pengane etter salet av hybelen hans og det han hadde spart opp går difor automatisk til Staten her i Noreg, om ingen melder seg som rettmessige arvingar innan 10 år.
Odd bestemmer seg for å finne Paolis si familie i Latvia. Han reiser til Paolis sin heimby Ventspils, for å leite etter spor av Parascakas-familien i kyrkjebøker, arkiv og personregister.