Denne radiodokumentaren følgjer ei sak der ein lensmannsbetjent er skulda for dårleg og mangelfull etterforsking. Ein 20 år gamal gut vart dømd i retten og seinare frikjend, på grunn av etterforskinga til denne politimannen. 20-åringen fortel si historie i programmet.
Kvart år blir hundrevis av politifolk meldt til det Særskilte etterforskingsorganet for politiet, SEFO, for ulike lovbrot. Sjansane er små for at polititenestemannen får nokon reaksjon, dersom vi ser på statistikken: Av nesten 700 saker i 1997, fekk omlag 7 prosent av politifolka forelegg, tiltale eller andre reaksjonar. Resten av sakene vart lagt vekk utan reaksjon.
I denne saka går SEFO inn for at lensmannsbetjenten skal frådømast stillinga si. Men på grunn av formelle feil og lang saksbehandling, blir saka lagt vekk. Henlagt fordi den vart forelda allereie under SEFO si etterforsking... Vi får også møte SEFO-formannen som hadde saka, mora til 20-åringen, og advokat Harald Stabell, forsvararen hans.
Teknisk regi: Kåre Johan Lund
Konsulent: Anders Nicolaysen