Sjokolade- og dropsnisje Jan Rognstad trykkeriarbeidar, no lagar han belgisk konfektsjokolade. Ingvill Hegbom og Gry Rønning jobba i psykiatrien, no lagar dei kunstdrops av smelta sukker under namnet Logodrops as. I kveldens utgåve av Eide & Morris skal det norske nisjesnopet testast, og då snakkar me verkeleg om nisje.
Eide & Morris testar edle dråpar frå hesten Eide & Morris er på vegen igjen og denne gongen er stoppestadene Ulvik og Stryn og temaet er mjølk, og i tilleg til hoppemjølka skal det handla om fløyte og smør – med feittprosent på rundt åtti!
Eide & Morris plukkar kvitløkbombe utan kvitløk Dei veks langs vegar, inni skogar, og på store bøar – og før ein veit ordet av det har tre damer frå Hardanger plukka dei, most dei, tilsett olje og salt og pakka dei i glas og selt dei som smaktilsetning i supper, sausar, salatar, pasta og alt anna som fantasien måtte tillata. Produktet heiter Ramsløkpuré, damene heiter Sigrun Løkken, Helga Byrkjeland og Marit Buttingsrud. Av Elise Øygaren
Eide & Morris ser kven som er i pølsa Fastlegeordninga er komen for å bli, fastbonden derimot er berre på prøvestadiet. Men ekteparet Bente og Bjarte Nordanger gyv i alle fall laus i eit forsøk på å gi storfekjøtet eit ansikt. Dei vil handla med kjøttkundane personleg og gi faste leveransar av kjøt. Bente trur dette er ein av vegane å gå for bøndene. Av Elise Øygaren
Eide & Morris - & to eple Under mottoet; Liten skala – stor smak, durar Linda Eide rundt i sin jamaldrande kompanjong på fire hjul, Morris. Saman oppsøkjer dei nisjeprodusentar av mat og drikke, i jakta på den store smaken.
Eide & Morris går under jorda Men det er ikkje dei mest profilerte potetkjendisane her på berget som får merksemda i dette fyrste av i alt åtte program om småskalaprodusentar og nisjemat. Programleiar Linda Eide dveler korkje ved Beate, Laila eller Kerrs Pink, istaden parkerer ho sin faste følgesvein, Morris, hjå ein potetdyrkarar som er oppriktig glad i poteter. Av Elise Øygaren