BILDER: Eide og Morris, edle dråpar frå hest
Morris har fått (en) ekstra hestekraft. Foto: Nordisk Film
- Hoppande glad
Hoppende glad? Foto: Nordisk Film
- Mjølk frå fjordingar er helse i kvar dråpe, skryter den optimistiske 31åringen medan ho hoppar opp og ned på trampolina i hagen. Sjølvsagt må ho det. Hoppemjølka innbyr til å seia at Berit Bergset har hoppa i det, at ho er hoppande glad og at ho er indarleg glad i hoppene sine – og det verste av alt; alle ordleikane stemmer. Ho har klokkartru på mjølka, på helsefekten og på at ho skal få til ei endå meir regelmessig mjølking. For enno er dråpane edle, 175 kroner er literprisen.
20 liter mjølk = 170 gram smør
Når Per Rondestveit i Ulvik lagar smør av kumjølka si, er det omtrent det motsette reknestykket av hoppemjølka. Av tjue liter mjølk får han berre 170 gram smør, som han sel for 30 kroner.
- Er dette det minst lønsame du kan gjera med mjølka, vil Eide vita.
- Nei det er endå mindre lønsamt å kasta ho! slår Per fast, og syner stolt fram boksen med Per’s Smør, laga frå botnen av, og med så mykje feitt at mannen påstår det er slankekost!
- Jaudå, eg held fast på den påstanden. Hugs på det at når du et dette smøret, for ikkje å snakka om rømmen, ja så veit du at du et noko som er til dei grader feitt, slik at du skjønar at du berre må trimma etterpå. Når du et desse lettprodukta, så trur du at det er sunt, og at du berre kan sitja på røva. Men der er det jo ofte kunstige og usunne saker som er putta oppi. Med rømmen og smøret mitt har ein i alle fall full kontroll med kva som er i det, det er naturleg feitt!
Eide & Morris – eit matprogram
NRK 1