Hopp til innhold

Eide & Morris går under jorda

Men det er ikkje dei mest profilerte potetkjendisane her på berget som får merksemda i dette fyrste av i alt åtte program om småskalaprodusentar og nisjemat. Programleiar Linda Eide dveler korkje ved Beate, Laila eller Kerrs Pink, istaden parkerer ho sin faste følgesvein, Morris, hjå ein potetdyrkarar som er oppriktig glad i poteter.

Lilla potet

Anne Jorun Nestås Tøn er svak for uvanlege setjepoteter, og ikkje minst sin Blå russar, også kalla Kongo.

- Sjå på dette! Potet er ikkje berre mat, det er estetikk òg, seier Anne Jorun, og syner fram ei fantastisk potet, som er lilla både utanpå og inni.

-Når ho kokar oksyderer ho og vert knallblå, og då gjer den seg fantastisk fint til kvit fisk, eller laks, og saman med andre fargerike grønsaker. Den er berre utruleg flott!, gliser potetdama,som også tykkjer Valdrespoteta høyrer heime i åkeren, sidan den er stripete. Men begge sortane smakar svært alminneleg, finn Eide ut.

- Heilt ordiner potet for smaksløkane, heilt uvanleg potet for augene, er hennar konklusjon..

Augo opp for potet

Bønder og gardbrukarar er på stadig jakt etter å kunna utnytta råvarene sine betre, og få fram nye produkt som kan vekka ganane og lomebøkene våre til liv. I potetbissnissen er det ikkje så lett å gjera uvanlege sortar til god butikk, sidan det ofte er dei uvanlege sortane som er dei vanskelegaste og mest ustabile sortane. Men stadig fleire finn måtar å utnytta dei drivverdige sortane på. Det dukkar opp poteter mynta på spesielle bruksområder, slik som bakepotet. Eller ein sel poteter med ekstra god kvalitet, gjerne med ekstra fin embalasje.

Vossapoto er eit døme på ein slik tankegang. Den kjem frå Auro Gard på Voss, og er eigentleg sorten Pentland Dell. Men bøndene Solveig og Knut Skjerve har fått lov å bruka namnet Vossapoto, og dei sorterer og pakkar det i eigen embalasje som fortel historia til poteta og elles vitrkar innbydande.

- Me får fleire pengar for færre poteter, og difor er det verdt å bruka så mykje tid på sortering og behandling, seier Solveig Holt Skjerve.

Verdas mest pålitleg knoll

Til liks med poteta er jordskokken ein trufast travar som formeirer seg under jorda, og til liks med poteta er den ein knoll. Men Jordskokken er jamvel endå meir pålitleg enn poteta.

- Set du ein jordskokk i jorda har du ein ven for livet, seier Knut Finne som er økologisk grønsaksdyrkar på Voss. I åkeren hans reiser jordskokkriset seg tre meter høgt og kan brukast som levegg!

- Jordskokken kjem att år etter år, og den er litt nøttaktig på smak. Ein kan bruka den i wok, eller berer steika den i panna, koka den, eller laga krema jordskokksuppe, fortel bonden som har gjort økologiske grønsaker til levebrød. Både jordskokkane og andre grønsaker er ein del av sortementet i det som er abonnementsordninga hans. Kundane abonnerer på grønsaker som dei får tilkøyrt.

- For oss er det blitt ei nisje me kan leva av, så omlegginga til økologisk drift har gitt nytt liv til garden, seier Finne.

Og for dei som lurer på korleis krema jordskokksuppe smakar er det berre å ta etter sjefskokk Nils Overå ved Fleischers Hotel. Han servere ofte denne suppen med kraftig smak.