BILDER. Eide & Morris - & to eple
Njål Vindenes og Linda. Foto: Nordisk Film
Putling og satsing
Morris ved Hansa bryggeri. Foto: Nordisk Film.
Njål Vindenes spelar klassisk gitar om dagen og putlar på i kjellaren om kvelden. Men no har putlinga blitt heiltidsprosjekt og sideren ligg og godgjer seg i store mjølketankar i ein fjellhall i Bergen. For to år sidan bestemte han seg for å satsa for fullt på sideren. Han leigde nedlagde lokale frå Hansa Bryggeri, fekk inn lastebilar med eple frå Hardanger, kjøpte seg saftpresse og gaffeltruck og kalla inn familie og slekt til pressinga. Og no er Krune-sideren å finna på Vinmonopolet, som den einaste i sitt slag.
Musserande
Gjeringsprosessen gjer eplesafta heilt udrikkeleg, før den endar opp som nydeleg sider. Foto: Nordisk Film.
- Sideren passar godt som aperitiff, seier Njål og drar av strengen rundt korken, og opnar på sjampanjevis, med eit kontrollert smell, gass som stig opp og perlande skum i glaset.
- Eg har brukt femten år på å komma fram til denne smaken og forholda mellom dei ulike eplesortane. Det er fantastisk spennande å følgja siderprosessen, frå god eplesaft via ein gjeringsprosess som gjer den heilt udrikkeleg, før den endar opp som nydeleg sider.
Til Flåm
Eplesaft til kok. Foto: Nordisk Film.
I jakta på dei kreative småskalaprodusentane durar Morris vidare med Eide ved rattet. Og på garden Fretheim i Flåm er Anders og Sue i full gang med å kverna opp nedfallseple frå eige epletre. Dei kverna epla går rett i den enkle saftpressa og Eide får prøvesmaka den friskaste eplesafta det er mogeleg å drikka, den som sildrar rett ned frå pressa.
- Rein flytande Gravenstein, så frisk at Morris ville fått fartsbot om me hadde putta det på tanken hans, er Eides konklusjon.
Saft meir verd
Linda og Anders Fretheim. Foto: Nordisk Film
Som mange andre småskalaprodusentar tykkjer Anders og Sue at det er vanskeleg å ta seg ordentleg betalt. Mykje blir gitt vekk og mykje går til eige bruk, men målet er å selja meir.
- Det er uansett meir verdt å laga saft av epla, enn å selja dei som andre eller tredje sortering. Dessutan er det voldsomt enkelt å laga slik saft. Men det er ikkje fullt så primitivt som ho dama som kom her trudde. Ho såg for seg at eg trakka på epla for å laga safta – greitt nok at eg er litt feit vorten men det får då vera måte på!
Tollar frå Melbourne
Linda Eide. Barmfager. Foto: Nordisk Film
Sue Fretheim har flytta frå millionbyen Melbourne i Australia til garden på Fretheim. Ho likar seg godt seier ho, og det så overtydande at me trur ho gjerne. Ho ynskjer å kunna foredla meir av det ho lagar på garden, og eplesafta er ei god byrjing meiner ho.
- Det er så tilfredstillande å sjå at noko vert ferdig her, i staden for å senda det frå oss og få det att ferdig. Eg trur det er ein marknad for kreative bønder her.
Eide & Morris – eit matprogram
NRK 1 11.07. kl 20:05