Forbrente rester på åstedet for Isdalskvinnen
Foto: Politiet / Statsarkivet i Bergen

«Slo bensin over seg og tende på»

Politiet konkluderte med at Isdalskvinna truleg hadde tatt livet sitt. – Det verka som ho flykta frå noko, seier sjølvmordsekspert.

Det er mykje som gjer Isdalssaka til ei gåte. Politiet fann aldri ut kven ho var, eller kva ho gjorde i Bergen, men konkluderte med sjølvmord. Det er ikkje alle som har slått seg heilt til ro med det.

– Det er så usannsynleg. Både staden, ikkje minst, men og måten ho vart funnen på, seier Carl Halvor Aas.

Meldinga om at det var funne ei død kvinne i Isdalen kom på vakta hans, og det var eit uhyggeleg syn som venta politijuristen og kollegaene på åstaden.

Funnet

Kvinna vart funnen i ei lysning i Isdalen i Bergen, litt vekke frå stien, ved inngangen til Dødsdalen. Området ligg litt gøymd bak Bergen sentrum, der bratte fjellsider omringar Svartediket. Det hadde regna, og var framleis plussgrader, sjølv om det var 29. november.

I ei ur låg ho på ryggen, med armane framfor seg som når ein prøver å verne seg. «Boksarstilling» er ei vanleg stilling om ein døyr i brann, ifølge ekspertane. Ansiktstrekka var sletta av flammane. Brannen hadde laga tydelege merker på store delar av kroppen.

Ved sida av henne stod ei flaske klosterlikør. Der var også mellom anna restar av ei veske, to plastflasker med vatn, kakebitar, fyrstikker og ein paraply. Etter nærare undersøkingar fann politiet også restar av bensin.

Isdal- åstad

Her vart Isdalskvinna funnen i 1970.

Foto: Politiet

Obduksjonen

5. desember venta politiet spent på kva obduksjonen av kvinna skulle vise, kunne folk lese i avisene. Dersom dei hadde funne gift i kroppen hennar var det sjølvmord, skreiv Dagbladet.

Så kom den førebelse obduksjonsrapporten. Kva kunne den døde kroppen fortelje? Kvinna hadde tatt mellom 50 og 70 tablettar Fenemal i fleire dosar, står det i rapporten. Fenemal er ein type roande medisin. Til saman var mengda ho hadde i seg dødeleg, men alle tablettane hadde ikkje rukke å løyse seg opp i magen hennar. Dei kunne også sjå at ho hadde levd då brannen oppstod.

Rettsmedisinarane meinte at dødsårsaka var ein kombinasjon av medisinen og kulloksidforgifting frå brannen. Brannskadane kvinna hadde kunne også ha verka inn, står det i rapporten.

Kvinna hadde ei blødning på halsen. Det kunne vere frå eit slag frå ei hand, eller at ho hadde sklidd mot ei grein, står det i rapporten.

Skjulte alle spor

Det var nesten slik at for kvar gong politiet trudde dei gjorde eit gjennombrot i saka dukka det berre opp nye spørsmål.

Dei trudde kanskje dei skulle få svar då dei opna koffertane dei fann på togstasjonen i Bergen. Men det meste som kunne røpe kven ho var – var fjerna. På ei salvetube var til og med namnet på legen som hadde skreve den ut utførleg skrapa vekk. Ei notatblokk med tal og bokstavar viste seg å vere reiseruta hennar. Men heller ikkje det hjelpte, for kvinna hadde brukt falske namn der ho hadde vore.

Mange teoriar

I starten av etterforskinga var det ulike teoriar i avisene. Var ho hemmeleg agent? Ein del av ein bande? Var ho redd for nokon? Hadde ho ein slags mani?

Isdalskvinnen- avisutklipp

Avisene var tett på isdalssaka (montasje).

Foto: NRK/ POLITIET

Overvakingspolitiet (POT), som var forgjengarane til det som i dag er Politiets sikkerheitsteneste, var inne i saka. Fleire av etterforskarane deira reiste tidleg over til Bergen. Det fekk ikkje folk flest vite før mange tiår etter.

«Den ukjente kvinnen i Isdalen: Slo bensin over seg og tente på»

Slik var overskrifta i Dagbladet lillejulaftan 1970. Politiet hadde jobba med saka i nesten ein månad. 25 etterforskarar hadde vore i sving. Bunken med rapportar vaks. Det hadde kome inn 300 av dei frå ulike delar av landet.

Isdalskvinnen- Dagbladet

Overskrifta i Dagbladet 23. desember 1970.

Foto: Politiet

Politiet meinte at det dei hadde funne ut leia fram til at kvinna hadde tatt livet sitt.

Heilt på tampen av desember var politimeister Asbjørn Bryhn intervjua i Dagbladet. At kvinna skulle hatt noko med framand etterretningsteneste å gjere avviste han som fullstendig uhaldbare spekulasjonar. Då hadde ho hatt utstyr ein kunne spore tilbake til det landet, meinte han. Dei hadde kome fram til at ho hadde ein slags mani, eller at ho var engsteleg for noko, som gjorde at ho ville dekke alle spor etter seg.

«Den engstelsen som hun har hatt er bl.a. kommet klart fram ved hennes opptreden på hotellene. Her har hun alltid først bedt om å få se det værelset hun skulle ha, og hvis værelset lå slik til at hun fikk gjenboere, at rommet vendte ut mot hus på den andre siden av gata så det kunne vere innsyn til henne gav hun seg ikke før hun fikk et rom med fri utsikt.» - Politimeister Asbjørn Bryhn, 1970.

– Hysjhysj

– Eg hugsar jo at det slo meg først at det her ikkje kunne vere eit sjølvmord.

Knut Haavik var krimreporter i VG i 1970.

Knut Haavik dekka Isdalssaka då han var krimreporter for VG i 1970.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Han har heller aldri trudd det seinare. Knut Haavik var krimreporter, og dekka Isdalssaka for VG. Han har dekka mange saker, men han hugsar saka om den brende kvinna i dalen godt.

– At eit menneske, sjølv om du er dopa og har drukke ei halv flaske likør, skulle tømme bensin over seg og så etterpå tenne på ei fyrstikk. Det heng ikkje på greip.

Måten politiet handterte saka på gjorde Haavik meir tvilande, fortel han.

– Politiet la lokk på den frå første stund, men etter kvart måtte dei lette på sløret.

–Betydeleg usikkerheit

I februar 1973 sende politiet i Bergen eit brev til statsadvokaten der dei foreslo å henlegge saka, fordi dei ikkje trudde at det hadde skjedd noko straffbart. Saka vart lagt bort.

– Sjølv om konklusjonen var sjølvmord, var det ein god del usikkerheit, seier Tormod Bønes.

Han var kjemikar, og begynte i Kripos i 1968. Isdalssaka gjorde sterkt inntrykk på han. Det var ei av dei første sakene hans med døde menneske.

Tidligere Kripos-kjemiker Tormod Bønes studerer saken om Isdalskvinnen

Tidlegare Kripos- kjemikar Tormod Bønes studerer dokumenta i Isdalssaka.

Foto: Karl Lilliendahl / NRK

Dei snakka mykje om Isdalssaka i lunsjpausane. Han hugsar at etterforskarane som hadde vore på åstaden sa at det såg nærast rituelt ut, med fleire gjenstandar som stod rundt liket. Det var og vanleg for kvinner som skulle ta livet sitt å bruke roande middel som Fenemal.

– Både då og no var eg usikker på kva som eigentleg skjedde på åstaden, og korleis brannforløpet utvikla seg. Det er vanskeleg å vere hundre prosent sikker. Samla sett stille eg meg bak rapporten vi skreiv i 1970. Men det er betydeleg usikkerheit, og det kan på ingen måte utelukkast at det var eit drap eller ei ulukke.

– Sjølvmord, dermed basta!

I 1991 vakna saka til liv igjen. Bergens Tidende hadde sett på den på nytt, og nye vitne hadde meldt seg. Politiet såg på saka på nytt, men det kom ikkje fram så mykje meir.

– Sjølvmord, dermed basta, sa Oskar Hordnes, som då var politimeister i Bergen.

Men heller ikkje då klarte alle å slå seg til ro med det.

I tvil

Carl Halvor Aas, politijuristen som reiste til åstaden, var ikkje så mykje direkte inne i saka seinare, men han følgde med på kontoret. Han trur ikkje kvinna tok livet av seg.

Isdalskvinnen- Carl Halvor Aas

Carl Halvor Aas hugsar saka om Isdalskvinna godt.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Dersom nokon ville ta livet sitt ut ifrå at dei var sjuke, hadde problem, andre årsaker eller kva det måtte vere så er det så unaturleg å gjere det på den måten. Eg heller til å tru at ho ikkje gjorde det sjølv, men det er spekulasjon.

Han hugsar godt at det var snakk om ulike teoriar, og trur den mest framtredande på den tida var at ho ikkje hadde tatt livet sitt, og at ho kanskje var representant for ein annan stat.

– Det er ei sannsynsvurdering som etter mitt skjønn tilseier at ho vart tatt av dage, sjølv om det ikkje var funn av noko på åstaden av framand aktivitet. Men det trenge ikkje vere avgjerande.

– Flykta frå noko

– Det verkar meir som ho flykta frå noko enn søkte mot noko, fordi enden syntest å ha vore eit planlagd sjølvmord, seier Øivind Ekeberg, etter å ha lest dokument om Isdalssaka.

Øivind Ekeberg

Professor Øivind Ekeberg meiner at det er ting som tyder på at Isdalskvinna tok livet sitt.

Foto: Karl Lilliendahl / NRK

Professoren og psykiateren er ein av dei fremste sjølvmordsekspertane i Noreg.

Han tenkjer at det politiet konkluderte med den gongen er riktig.

– Det at ho har forsøkt å skjule ein del spor tyder på at det er ho som har gjort førebuingar.

Brannen og pillene meiner han også trekkjer i retning av sjølvmord.

– Ho har verka som sjølvsikker, velfungerande og velståande, og skifta identitet. Noko tyder på at ho har vore på flukt frå noko. Kanskje ein hemmelegheit i historia hennar vi ikkje veit noko om.

Ekeberg meiner at det ho ville vise utad kanskje stod i konflikt med korleis ho hadde det.

– Det kunne tenkast at ho kom frå overklassa, med store krav. Eller at ho har klart å jobbe seg opp frå fattigsle kår, og ikkje klart å oppretthalde det.

Det var ingen slektningar som tok eit siste farvel med Isdalskvinna, sjølv om politiet prøvde å gå breitt ut internasjonalt for å finne ut om nokon hadde meldt henne sakna. Det har heller aldri dukka opp nokon seinare. På ein gravplass i Bergen ligg ho i ei sinkkiste, i tilfelle det dukkar opp nokon som vil flytte henne til der ho var frå.