Hopp til innhold

Store problem med sår og skader hos Mowi

Lakseselskapet Mowi måtte nedgradere så mykje som 75 prosent ved problemanlegget Oksen i vinter, grunna sår og skadar på fisken.

Denne laksen har store sår på kroppen, og ble funnet da Mattilsynet hadde uanmeldt kontroll av oppdrettsanlegg på Trøndelagskysten for noen uker siden.

Svært mykje av fisken på Mowis anlegg Oksen hadde utvikla sår som dette. Biletet er tatt av Kystvakta og Mattilsynet i samband med kontroll av eit anna anlegg.

Foto: Mattilsynet

Dei dramatiske tala kjem fram i både slaktemeldingar og biomassetala som oppdrettsgiganten har rapportert inn nå i vinter. Det er særleg problemanlegget Oksen ved Sotra som melder om både høge dødstal og store skadar på fisken.

NRK har tidlegare fortalt historia om forholda på dette anlegget og det høge lusepresset der.

Nå viser det seg at situasjonen ikkje har blitt betre dei siste åra. I vinter har det toppa seg.

Hovudbry

Det er særleg merd nummer fire på Oksen som gir det største lakseselskapet i verda hovudbry.

I januar døydde 61,51 prosent av fisken her. Det viser biomassetala som NRK har fått innsyn i. Talet inkluderer, ifølge Mowi, både død og slakta fisk.

Biomassen er den samla mengda levande fisk i eit anlegg målt i tonn. Total akkumulert dødelegheit på heile lokaliteten var i slutten av februar på 28,6 prosent.

Mowi seier at dødeligheten i mærd fire er 18,89 prosent i denne perioden, og at talet frå Mattilsynet blir så høgt fordi det inkluderer slakta fisk i den same merden.

Mattilsynet skriv dette til Mowi om forholda på Oksen etter ein inspeksjon nå i vinter:

«Vi meiner det er alvorleg at det har vore svært høy dødelegheit som har vart frå mellom 8 til 15 veker i merdane på lokaliteten. Det har gått for lang tid før de har sett i gang større tiltak for å avlive fisk med nedsett velferd. De skulle ha sat i gang meir effektive tiltak i alle merdar på et tidlegare stadium for å sikre at fisk med nedsett velferd blir tatt ut av merdane snarast mogleg.»

Kommunikasjonsdirektør Ola Helge Hjetland i Mowi

Ola Helge Hjetland er kommunikasjonsdirektør i Mowi.

Foto: Mowi

– Situasjonen på Oksen har vore svært krevjande denne vinteren grunna unormalt store førekomstar av perlesnormanet. Dei har vore ei stor utfordring langs heile kysten i vinter, men førekomstane har dessverre vore eksepsjonelt store på Sotra, forklarer kommunikasjonsdirektør Ola Helge Hjetland i Mowi.

75 prosent useljeleg fisk

Slaktemeldingane frå oppdrettsgiganten er heller ikkje lysteleg lesnad. Desse rapportane viser korleis laksen blir delt i ulike kvalitetsklassar. Enten som superior, produksjonsfisk eller utkast. I Noreg er det berre lov til å eksportere superior. Produksjonsfisken som ofte har sår og skader, kan ikkje seljast direkte til forbrukar. Den må feilrettast før han kan seljast til konsum eller sendast ut av landet.

Dagens Næringsliv melde denne veka om at i starten av april måtte halvparten av Mowis fisk nedklassifiserast. Men tala frå enkeltanlegg denne vinteren er enda meir dramatiske. Som på Oksen utanfor Sotra.

Slakterapportane frå veke 4 viser følgande:

Av totalt 160 tonn slaktefisk, måtte 105 tonn nedgraderast til produksjonsfisk. Det betyr godt over 60 prosent nedklassing. Årsaka blir oppgitt til å vere «sår og skade».

Vintersår hos laks

Sår og skade var hovudårsaka til at laksen frå Oksen ikkje kunne seljast som superior. Biletet er frå Fiskehelserapporten til Veterinærinstituttet i 2023.

Foto: Veterinærinstituttet

– Skremmande tal

Men det blei enda verre utover vinteren. I veke 6 var dette situasjonen på Oksen:

Av eit totalvolum på 482 tonn, måtte 349 tonn nedklassifiserast til produksjonsfisk. I tillegg gjekk 17 tonn til såkalla utkast eller vraka fisk.

– Om lag 75 prosent nedklassing i veke 6 grunna sår etter angrep frå perlesnormanet, bekreftar Hjetland i Mowi overfor NRK.

Trygve Poppe

Trygve Poppe, tidlegare professor ved Veterinærhøgskulen.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

– Dette er skremmande tal. Det lèt ikkje til å ha vore noka forbetring av forholda på anlegget, seier Trygve Poppe, tidlegare professor ved Noregs Veterinærhøgskule. Han peiker på at Oksen har hatt utfordringar med dyrevelferda over lang tid.

Så til veke 7 no i vinter. Då var situasjonen slik på Oksen: Totalt slaktevolum 11 tonn. Nedklassing på grunn av sår og skadar var på åtte tonn. Utkast var på eitt tonn.

Over 80 prosent av laksen var altså så skadd at han ikkje kunne seljast.

– Må tilpassast verkelegheita

– Det er meiningslaust å skulde på perlesnormanet eller andre ting. Dette er realitetar oppdrettarane må forhalde seg til uansett. Er det ikkje maneter, så er det noko anna, påpeikar Trygve Poppe. Og legg til:

– Husdyrrommet må tilpassast verkelegheita. Det har tydelegvis ikkje Mowi vore i stand til.

At dette kjem frå Poppe er diverre ikkje overraskande, men samstundes svært skuffande, seier Hjetland i Mowi. Han hevdar at det har vore store forbetringar på Oksen det siste året.

– Dette utsettet såg ut til å bli veldig bra heilt fram til perlesnormanetene dukka opp i enorme antal.

Krev ein ny plan

2. mai i år fatta Mattilsynet eit vedtak som gjeld drifta på Oksen:

«De må utarbeide ein plan for korleis de skal unngå hendingar som fører til vedvarande høy dødelegheit og nedsett velferd i denne og framtidige generasjonar på Oksen.»

Ola Helge Hjetland i MOWI seier selskapet har planar for å betre fiskehelsa på anlegget.

– Vi har tatt ut fisk av velferdsmessige omsyn gjennom heile vinteren, og kjem til å tømme anlegget lenge før planlagt, seier han.

– Mowi tar både fisken sin velferd og helse på høgaste alvor. Av både etiske, berekraftsmessige og finansielle omsyn er det i vår interesse at fisken veks og har det så bra som mogleg gjennom si levetid. Vi brukar difor mykje ressursar på forsking og utvikling for å auke overlevinga og betre fisken sin velferd.

Retting: I den første versjonen av denne saka kommenterte ikkje Mowi opplysninga om at merd fire på anlegget Oksen ifølge Mattilsynet hadde 61,5 prosent død fisk i januar. Vi har lagt til en kommentar frå Mowi der dei seier at dette talet er 18,89 prosent og at talet 61,5 prosent inkluderer slakta fisk. Den opphavlege tittelen på saka er også endra, for å tydeleggjera at saka gjeld anlegget Oksen og ikkje all fisk frå Mowi.